Sigrun Berg () var ein norsk tekstilkunstnar, vevar og tekstilformgjevar frå Oslo.

Utdanning Ho var utdanna ved Statens kunst- og håndverksskole og Statens kunstakademi.

Arbeid Frå 1936 knytt til Teletweed Vevarlag. Frå 1947 hadde ho eiga vevstove i Oslo. I tillegg var ho formgjevar ved De Forenede Ullvarefabrikker 1957–1965, og arbeidde for kunsthandverk som binæring på bygdene og for å høgne kvaliteten på norsk fabrikktekstil. Ho sette mellom anna i gang veving på akkord i Trysil. Frå 1956 var ho lærar i farging ved Statens kunst og håndverkskole.

Sigrun Berg arbeidde med eit fargeskjema bygd på gamal norsk tradisjon, men med ei utforming som heilt høyrde til samtida.

Utsmykkingsoppdrag Eit utval: Alstadhaug kyrkje Asker rådhus Bodø Domkyrkje Håkonshallen Kongeskipet Sandefjord rådhus

Prisar og utmerkingar 1954 Diplôme d'Honeur, Triennalen i Milano 1958 Gullmedalje Deutsche Handwerksmesse i München 1960 Gullmedalje Triennalen i Milano 1963 Jacobprisen

Kjelder Red. Erik Zahle - Brukskunst i hjemmet, Nordiske Fagbøker.

Kategori:Norske tekstilkunstnarar Kategori:Norske formgjevarar Kategori:Kunstnarar frå Oslo