Henrik Bull () var ein norsk arkitekt fødd i Oslo. Byggjestilen hans var påverka av jugendstilen men hadde òg nasjonalromantiske trekk. Bull var «landets fremste arkitekt» i tiåra kring 1900.
Bakgrunn og familie Henrik Bull var fødd i Christiania som son av stadskonduktøren og arkitekten Georg Andreas Bull (1829–1917) og Emilie Constance Hjelm (1832–1926).
Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole og Den kongelige Tegneskole før han fullførte arkitektstudiane sine med tre år ved Königliche Technische Hochschule i Berlin.
Han gifta seg i 1905 med skodespelaren Mette Marie Berntsen.
Karriere mini|Nationaltheatret i Oslo, oppført 1891–99, er teikna av Henrik Bull. Bull gjorde seg først kjend som kyrkjearkitekt. Han stod for Pauluskyrkja på Grünerløkka og den nye kyrkja i Uvdal. Seinare fekk han dei ærefulle oppdraga å teikna Nationaltheatret, Historisk Museum og Regjeringsbygget, som i dag husar Finansdepartementet. For Regjeringsbygningen fekk han Houens fonds diplom.
Henrik Bull var også formgjevar. Han gav mellom anna form til Lohengrin sjokolade. Han utforma også møblar, og fekk gullmedalje for desse på Verdsutstillinga i Paris i 1900.
Frå 1908 var Bull lærar ved Den kgl. Tegneskole, seinare Statens håndverks- og kunstindustriskole. Frå 1912 til 1934 var han direktør same staden. I 1914 var han bygningssjef for Norges Jubilæumsutstilling i Kristiania.
Han var også aktiv innan kulturminnevern. Etter å ha blitt pensjonert utførte han ei rekkje oppmålingar for Forening til norske Fortidsminners Bevaring.
Bygningar Bull teikna blant anna følgjande bygningar i Oslo (i kronologisk rekkefølgje etter oppføringsår): Paulus kyrkje (1889–92) Nationaltheatret (1891–99) Historisk museum (1898–1902) Regjeringsbygningen (no Finansdepartementet) (1898–1904) Tilbygg til Josefines gate 9 i Homansbyen (1900) Port, inngangsparti mot vest, spisestue – «Lunds hus», Tollbugata 97, Drammen (ca. 1905) Villa Otium (1911), no residens for den amerikanske ambassadøren til Noreg «Bybygningen» på Norsk folkemuseum (1914) Villa oppført for skipsreiaren Thomas Fearnley i 1915 i Kristinelundveien 4. Villaen var Reichskommissar Josef Terboven sin Oslo-residens under andre verdskrigen, og er no ambassadørbustad for den kinesiske ambassaden. Villa for skipsreder Wilhelm Wilhelmsen i Trosterudveien 21 (1917) Centralbanken for Norge i Kirkegata 14-18 (1915–21), saman med Waldemar Hansteen Verkstad og garasje på Schous bryggeri (1920) Edvard Munch sitt vinteratelier på Ekely (1923) Malteriet på Schous bryggeri (1925) Tilbygg (mot Thor Olsens gate) til Kurbadet i Akersgata 74 (1927)
Andre stader Uvdal nye kyrkje (1893)
Galleri
Kjelder
Litteratur Stephan Tschudi-Madsen, Henrik Bull, Oslo: Universitetsforlaget, 1984. ISBN 82-00-06270-8
Bakgrunnsstoff Lengre biografi med bilde av verk Store Norske Leksikon om Henrik Bull.
Kategori:Norske arkitektar Kategori:Jugendstilarkitektar kategori:Folk frå Oslo Kategori:Houens fonds diplom Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund