Moldeelva er ei elv som renn gjennom Molde frå Moldevatnet ved kommunegrensa i nord, gjennom bymarka og sentrum, til Fannefjorden i sør.

På vegen nedover vert elva kryssa av bilveg ved Fjellbrua, Kveldrobrua, brua i Moldelivegen, Øvre bru, Fossbrua, Strandgatebrua («Nedre bru») og Solemdalsbrua. Like nedanfor Fjellbrua er vatnet demt opp og utgjer reservekjelde for drikkevatnet i byen.

På 16- og 1700-talet vart det tømmersager langs Moldeelva. I 1909 fekk byen elektrisk lys på grunn av ein kraftstasjon der. Ein ullvarefabrikk har òg nytt godt av elvevatnet.

I samband med gjenoppbygginga etter bybrannen i 1916 vart ein holme i elva bortregulert. Moldeelva vart peikt ut som flaumutsett område i 1998.

Kjelder Møre og Romsdal fylke. Nærings- og miljøavdelinga. Saksnr. NM–67/98 A: «Kartlegging av flaumutsette område – høyring» Statens kartverk. Noregsglasset Teleforum. Bedriftsavis for Molde teleområde (1992)

Kategori:Elvar i Møre og Romsdal Kategori:Geografi i Molde