Antonín Dvořák () var ein tsjekkisk komponist fødd i Nelahozeves ved Praha. Han er nok mest kjend for sine Slaviske dansar og for den siste av sine ni symfoniar, «Frå den nye verda» 1893. Men han komponerte stort sett i alle sjangrar og skapte meisterverk i fleire av dei. Han er til dømes den kanskje viktigaste komponisten av strykekvartettar mellom Franz Schubert og Béla Bartók.
mini|venstre|Huset der Antonín Dvořák blei fødd.
Dvořák er kanskje den komponisten som har lukkast best i å integrere folkemusikk i klassisk musikk, og blir derfor rekna som ein svært viktig nasjonalromantikar.
I 1859 tok han organisteksamen, og blei etter det tilsett som bratsjist ved nasjonalteateret i Praha. Der var han til 1873. Han fekk i 1875 eit stipend som gjorde at han kunne bruke meir tid på å vere komponist. Seinare hadde han arbeid som dirigent og kunstnarisk leiar i både London og New York, før han kom tilbake til Praha.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Antonín Dvořák» frå , den 6. mai 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tsjekkiske komponistar Kategori:Romantiske komponistar Kategori:Tsjekkiske dirigentar