Oxford Street er ei av dei viktigaste handlegatene i London. Ho går frå Marble Arch ved nordvesthjørnet av Hyde Park, gjennom Oxford Circus og fram til St Giles Circus, i krysset med Charing Cross Road og Tottenham Court Road. Etter St Giles Circus fortset gata som New Oxford Street. På vestsida av Marble Arch heiter fortsetjinga av gata Bayswater Road. Heile gata er rundt og ligg i City of Westminster. The road

Oxford Street er den travlaste handlegata i Europa, med rundt ein halv million vitjande dagleg. I 2012 hadde ho rundt 300 butikkar. Offisielt er vegen ein del av hovudvegen A40 mellom London og Fishguard i Wales, men han har ikkje A40-skilt, og trafikken er vanlegvis avgrensa til bussar og drosjar.

Gata var opphavleg ein del av romarvegen Via Trinobantina mellom Essex og Hampshire via London. I mellomalderen var han kjend som Tyburn Road, og var kjend for offentleg henging av fangar ved Tyburn Gallows. Han blei kjend som Oxford Road og s[ som Oxford Street på 1700-talet, og byrja etterkvart endra karakter frå bustadsområde til handel. Stormagasin byrja prega gata frå byrjinga av 1900-talet, med Selfridges (som opna i 1909) som den mest merkbare. Under andre verdskrigen blei gata hardt bomba, og fleire bygningar, som John Lewis & Partners, blei totaløydelagde og måtte byggjast opp att frå grunnen.

Verna bygningar Oxford Street har fleire bygningar verna som Grade II. Fasaden til Oxford Circus undergrunsstasjon er også verna. Nummer Grad År verna Skildring6II*1987Puben The Flying Horse14–16II2009Tidlegare Lyons Corner House, bygd 1926–1927 etter design av F. J. Wills.34–36II1987Bygd i 191235II2009Bygd for Richards & Co. gullsmedforretning i 190954–62II1987Evelyn House, utforma av H. Percy Adams og Charles Holden (1909).105–109II1986Bygd ca. 1887 for hattemakaren Henry Heath133–135II2009Pembroke House, bygd 1911147II2009Bygd i 1897 for apotekaren John Robbins.156–162II*1975Bygd 1906–08 for Mappin & Webb; eit tidleg døme på ein struktur med stålramme.164–182II1973United Kingdom House, det tidlegare stormagasinet Waring & Gillow 173II2009Pantheon, no Marks and Spencer 214–234II1973Den tidlegare Peter Robinson-bygningen ved Oxford Circus219II2001Bygd 1951-52 og pynta med relieff som feirar Festival of Britain313II1975Bygd c. 1870–1880360–366II1987Bygd 1919–1921 for Lilley & Skinner368–370II2008Tidleg 1900-talskonstruksjon med fasade frå 1930-talet400II*1970Selfridges, bygd i etappar frå 1906 til 1928.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oxford Street» frå , den 28. desember 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Gater i London