Spelemannen Johannes Dale var rekna som ein svært påliteleg kjelde til slåttespel i Tinn. Difor er det skrive ned uvanleg mange slåttar etter han, og hardingfeleverket har registrert 126 nedskrifter, dei fleste gjort av Eivind Groven. Han skreiv ned ei lang rekkje slåttar etter Johannes Dale i 1961, og fleire i 1970. Elles er nedskriftene ved Truls Ørpen (1922, 1937 og oppatt 1951) og Sven Nyhus (1977-78).

Dei fleste slåttane på lista er etter farfaren Knut Dale, men det finst og nokre etter andre spelemenn i Tinn og Tuddal.

Gangar i 6/8

30: Lurås-stubben. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1007). Namnet skriv seg frå Knut Lurås. 31: Torgeir Brynjulfson. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1008). 73b: Pål Løytnantsdreng. Nedskrift Truls Ørpen 1922 (Ø 381). Slåtten er etter farfaren Knut Dale. Dahle hadde truleg slåtten frå spelemenn i Numedal. Variant a er etter Steingrim Haukjem. 84a: Seterjenta under Gaustafjell. Nedskrift Truls Ørpen 1951-52 etter opptak i NRK. Variant b er ein lurlåt etter Svein K. Løndal. Slåtten er truleg gamal i Tuddal og Tinn. 98b: Kivlemøyane I. Nedskrift Truls Ørpen 1953 etter opptak i NRK (Ø 389). Dahle hadde slåtten etter farfaren Knut Dale. Variant a er etter Eilev Smedal, og variant c etter Høye Kvåle. Felestillet er kalla understilt (F-C-A-E). Denne slåtten vart truleg og skriven ned av Johan Halvorsen og nytta av Edvard Grieg. 103a: Langedragen III (slik spela Pål). Nedskrift Truls Ørpen 1922 (Ø 382). Etter Knut Dahle. Slåtten er og kalla Luråsen III. Knytt til Pål Løytnantsdreng, Knut Lurås og Øystein Langedrag. 104a: Langedragen I. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1003). Slåtten er etter Knut Dahle. Slåtten finst og i form etter Olav Håstabø frå Hardanger (skriven ned etter Svein E. Lutro). 108c: Luråsen II. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1006). Slåtten er og kalla Langedragen II. Slåtten finst berre i Telemarksform, men ei av dei er kalla Ein vossagut. 110d: Gyllar-Jørn. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1004). Variant av Gudbrandsdølen. Slåtten er truleg etter Håvard Gibøen. 111a: Gjerki Haukeland. Nedskrift Truls Ørpen 1922. Gått over att etter opptak i NRK 1952. Etter Knut Dahle. Forma er og skriven ned av Johan Halvorsen. 117g: Guro Heddeli. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1005). Variant av Tjønnbergen. 118l: Han dryfta godt spelet, Knut. Nedskrift Truls Ørpen 1951 (Ø 383). Etter Knut Dahle. Variant av Fjøllmanngjenta. 119d: Luråsgangar. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1881). Forma er etter Hans Hellos. Variant av Fjøllmanngjenta. 120a: Skuldalsbruri etter Gamle Hans Fykerud. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1876). Etter Knut Dahle, som hadde slåtten frå Gamle Hans Fykerud. 124b: gangar etter Eivind Spellemann. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Variant a er etter Torleiv Bolstad. Variantar av Moghusfela. 169: Gangar etter Knut Brynjulvsson. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1875). Knut Brynjulvsson Sønnstaul (1771-1863) var son av Brynjulv Olsson, og tippoldefar til Johannes Dahle. 170: Gangar etter Lars Osa. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1880). Lars Osa var far av Sigbjørn Bernhoft Osa. Einaste slått på lista Johannes Dahle har lært frå Vestlandet. 171: Gangar etter Tor Holte. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1247). 172: Hellos-gangar. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1873). 173: Gangar etter Pål. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1871). Pål er Pål Løytnantsdreng frå Numedal.

Gangar i 2/4

68: Grønskeimogen. Nedskrift Truls Ørpen 1950 etter sending i NRK (Ø 426). Grønskeimogen er truleg ein danseplass. 152a: Fossegrimen. Nedskrift Truls Ørpen (Ø 469). Slåtten står først i ei heller stor variantgruppe. 156l: Floketjønn. Nedskrift Truls Ørpen 1937. Etter Knut Dahle, som hadde han frå Håvard Gibøen. Variant av Røyskatten. 157k: Ringjaren. Nedskrift Truls Ørpen 1922 (Ø 190). Variant av Lofthusen. 158b: Fan på bordlasset. Nedskrift Truls Ørpen 1937 (Ø 197). Etter Knut Dahle. Variant av Hildalen. Slåtten er og kalla Fan på tømmerlunna. 162b: Førnesbrunen. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1882). 200: Gangar etter Knut Lurås. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1874). Rekna som skyld gangaren Lonarkjempun. 201: Gangar etter Håvard Gibøen. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1872). Kan reknast til variantgruppa Sevliden. 202: Gangar etter Håvard Gibøen. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1870). Nedstilt bass. 203: Hoppe Hægre. Nedskrift Eivind Groven 1970 etter opptak i NRK (G 1877). Variant av Eg er liten, eg.

Springar

182: Gibøspringar. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1278). Slåtten er etter Håvard Gibøen. 243: Våen. Nedskrift Truls Ørpen kring 1956 (Ø 420). Slåttenamnet skriv seg frå garden Vå på Rauland. 244: Dahlespringar. Nedskrift Truls Ørpen kring 1956 (Ø 421). Etter Knut Dahle. Har tak som knyter slåtten til Bøheringen og Tjugedalaren. 281: Håvards minne. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1287). Etter Knut Dahle, som hadde lært slåtten frå Myllarguten (Åmyrmarken 1860). Namnet skriv seg frå Håvard Gibøen. 293: Springar etter Knut Vandringen. Nedskrift Eivind Groven 1963 etter opptak i NRK (G 1345). 294: Systerslått (Kivlemøyane III). Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1111). Understilt (F-C-A-E). 295: Håvards Sorg. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1209). Etter Håvard Gibøen. 296: Ruske-Sara. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1302). Slåtten er etter Ola Bernås frå Tinn, som hadde han frå Lars Fykerud. Slåtten er og skriven ned av Truls Ørpen og Arne Bjørndal. 299: Lappen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1258). Namnet er etter spelemannen Hølje Lappebakken frå Sauland. 301: Frå morgon til kveld. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1264). 337: Springar etter Brynjulf Roe. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1245). Roe var ein spelemann frå Tinn. 338: Springar etter Tor Rønningen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1252). 339: Dakotaprærien. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1283). Slåtten er laga av Knut Dahle då han var på spelferd i USA. 340: Springar etter Knut Dahle. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1304). Trollstilt. Minnar noko om ein kivlemøyslått. 341: Springar etter Ole H. Bernås. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1320). Bernås var frå Tinn. 342: Den Targjei spela når han ikkje ville spela. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1329). Slåtten er og kalla springar etter Myllarguten. Han har mange taktskifte, og er umogleg å danse etter. 369b: Springar etter Gamle Hans Fykerud. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1296). Etter Knut Dahle. Variant a er kalla Tinndølspringar (etter Halvor Klonteig). Nedstilt bass. 370a: Springar etter Håvard Gibøen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1298). Etter Knut Dahle. Variant b er etter Eivind Mo. 373a: Signe Ulladalen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1280). Forma finst og hjå Gregar Nordbø. Variant b er etter Rikard Gøytil. 374a: Saltevju. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1259). Saltevju er eit bruk i Nesherad. Variant b er etter Johan Kleven, Krødsherad. 376a: Rjukanfossen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1269). Etter Knut Dahle, som og skal ha dikta slåtten. Det er fortald at han bygde ut ein eldre slått medan han mol korn attmed Rjukanfossen. Denne skal Dahle ha fått av Myllarguten då dei møttest på Åmyrmarken i 1860. Variant b er etter Olav Groven. 377a: Madsson. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1241). Namnet er etter spelemannen Torstein Madsson frå Tinn. Variant b er etter Steingrim Haukjem. 384a: Håvardsstubben. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1262). Slåtten er notert med mange blåtonar. Etter Håvard Gibøen. Stevet går: Eg veit so vel, sa`n, kven eg vil ha, sa`n. Variant b er etter Kjetil Løndal. 422a: Helge Treisk. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1240). Luråstradisjon. Helge Treisk var ei jente frå plassen Treisk i Tinn (fortald av Kjetil Løndal). Variant b er etter Steingrim Haukjem. 424b: Veggligjenta. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1286). Forma er svært lik variant a etter Steingrim Haukjem. Pål Løytnantsdreng skal ha laga slåtten. Variant c, Abigelhaugen, er etter Olav R. Berge. 426c: Høytjuven. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1323). Slåtten er etter Olav Håkanes, Tinn. Variant a er etter Øystein Håkanes, og b etter Rikard Gøytil. Truleg ein gamal tinnslått. 428a: Haslebuskane. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1294). Slåtten finst mange stader. Variant b er frå Sigdal, og variant c frå Haus, Nordhordland. Slåtten finst og i Hallingdal (ein vandreslått). 430a: Håkanes Førli. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1326). Spelemennene Olav Håkanes og Hølgje Førli hadde kvar si form av same slåtten. Ein gong dei spela saman, vart dei samde om å setja saman det beste av begge formene til ei heilstøypt, som so fekk namn etter dei båe. Amund Roheim, hardingfele, gjorde ein innspeling i Oslo i september 1948. Han blei utgiven på 78-plata HMV A.L. 2971. 430b: Springar etter Tor Rønningen I. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1250). Variant c er etter Halvor Klonteig (springar frå Tinn). 431a: Smågutspringar frå Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1242). Slåtten er og kalla Kjosespringaren (etter Jon Kjos). Slåtten er gamal i Tinn. Variant b er etter Einar Løndal, og c etter Steingrim Haukjem. 433b: Knut Dahles siste slått. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1315). Slåtten er og kalla Gullbringen. Variant a er etter Halvor Einung. 433c: Springar etter Tov Bøle. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1229). 437c: Springar etter Tor Rønningen II. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1251). Slåtten er og kalla Guro Lomodden, og Ikkje sutra e og ikkje gret e. Variant a er etter Sevat Sataøen, og variant b etter Torkjell Haugerud (ein vandreslått). 440c: Den gode låtten. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1265). 447a: Luråsspringar. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1274). Slåtten er etter bestefaren Knut Dale. 457a: Fossekallen. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1263). Slåtten er etter spelemannen Halvor Sagafossen og namngjeven av spelemannen Olav Ullern frå Tinn. 465a: Draum. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1330). Johannes drøymde ein gong at Knut Dale spela ein fykerudslått. Då han hadde spela ferdig, la han fela ned og tok til å prate. Då vakna Johannes, men hugsa slåtten. I løndalsform heiter slåtten Tovil Runningen. 467d: Belarguten. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1243). Slåtten er og kjend som Laugdagskvelden eller Guten og jenta i høyløa. 468a: Dusteruden. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1324). Dale hadde slåtten etter Olav Håkanes i Tinn. Håkanes truleg frå Hellik Dusterud, som slåtten har namn etter. Elles er springaren kalla Håkanesen, og er truleg etter Knut Lurås. 468a: Bøkår-rennan. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1267). Slåtten er etter Knut Dale, og dette er einaste slåtten Knut hadde stev til: "Bøkår-rennar, sto i klemma, spølå geitungen, kan du den?" Ein bøkår er det same som ein sauebukk. Nedstilt bass. Etter Håvard Gibøen. 470a: Falkeriset. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1301). Slåtten er etter Håvard Gibøen.