Spelemannen Torkjell Haugerud frå Bø i Telemark la etter seg mange slåttar. Mange av slåttane etter han vart skrivne ned av Eivind Groven og Truls Ørpen, men Haugerud skreiv og ned slåttar sjølv. Ei nedskrift i lista er gjort av spelemannen Henrik Gjellesvik.

Gangar 6/8

16: Knut Dales farvel. Skriven ned av Truls Ørpen i 1936 (Ø 211). Haugerud hadde slåtten etter Knut Dale frå Tinn.

23: Helg. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK. Etter Knut Dale.

26: Tarkjell Aslakssons minne. Skriven ned av Eivind Groven 1955 (opptak, G 947). Slåtten er frå Setesdal, og er kalla opp etter Tarkjell Aslaksson Austad. Truleg i form etter Myllarguten.

32: Gangar etter gamle Hans Fykerud. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak (G 1009). Hans er far til Lars Fykerud. Kjelda til slåtten kan vera Knut Dale.

70b: Hardinggjenta. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak (G 1019). Variant a er etter Olav R. Berge. Haugerud har nok henta slåtten i Rauland.

75a: Skarsnuten. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak (G 1012). Variant b er etter Svein E. Lutro frå Hardanger. Denne slåtten skriv seg frå Leiv Sandsdalen, son av Øystein Langedrag. Han er og kjelda til Lutro si form.

76b: Heiloen. Skriven ned av Eivind Groven 1939 (G 47). Haugerud hadde slåtten etter Knut Dale. Variant a er etter Nils Stubberud frå Sigdal, som hadde slåtten frå Haugerud.

78a: Gotuholten. Skriven ned av Truls Ørpen 1953 etter opptak i NRK. Haugerud hadde slåtten etter Aslak Gotuholt, Kviteseid. Variant b er etter Ola Mosafinn.

79a: Myllargangaren. Skriven ned av Truls Ørpen på 1930-talet. Haugerud hadde slåtten etter Knut Dale. Variant b er etter Gunnulv Borgen, som og hadde slåtten frå Knut Dale. Dale hadde nok slåtten frå Myllarguten.

80b: Folkestaden. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 1). Haugerud hadde slåtten etter Halvor Flatland. Slåtten er og kalla ”Flatlands minne”. Variant a, Myllarens siste slått, er etter Einar Løndal, som hadde han etter faren Svein K. Løndal. Etter segna den siste slåtten Myllarguten spela før han døydde.

82b: Akslabiten. Skriven ned av Eivind Groven etter minne 1937 (G 547). Haugerud la til to nye vek. Variant a er etter Svein Lutro, som hadde slåtten frå Per Bulko. Ein gamal harding-slått.

85b: Baklitullen frå Brokfjell. Skriven ned av Arne Bjørndal 1950 (B 2386). Haugerud høyrde slåtten 1903, spela av Halvor E. Garvik, Seljord. Det skulle vore ein tuss som hadde tralla slåtten på Seljordshei ved Trollebotn. Variant a er etter Hans Omland, som hadde han frå Haugerud.

87a: Morgonvandringen. Skriven ned av Eivind Groven 1953 etter opptak i NRK (G 1015). Variant b er etter Halvor Klonteig.

88b: Nordmannsklubben. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1010). Haugerud hadde slåtten frå Leiv Sandsdalen i Seljord. Variant a er etter Hans Smeland, som og hadde slåtten frå Leiv Sandsdalen.

100d: Heggtveiten. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 3). Dette er ein Sandsdalsgangar, som og var spela av Knut Lurås og Håvard Gibøen. Haugerud har han anten frå Leiv Sandsdalen eller Knut Dale.

102a: Hellosen. Skriven ned av Truls Ørpen 1936 (Ø 245). Haugerud hadde slåtten frå Hans Flatland den yngre, som og var kalla Hans Hellos.

102b: Hellosen. Skriven ned av Eivind Groven 1939 (G 48). Denne forma hadde Haugerud etter Knut Dale.

103b: langedragen III. Skriven ned av Arne Bjørndal 1950 (B 2381). Haugerud hadde slåtten etter Halvor Flatland (lært på 1890-talet). Flatland hadde slåtten frå Leiv Sandsdalen, som hadde han etter faren Øystein Langedrag.

103c: Langedragen III. Skriven ned av Truls Ørpen 1936 etter plateopptak. Form etter Leiv Sandsdalen. Variant a er etter Johannes Dale, og variant d etter Karl Bjørnsen frå Sigdal.

104d: Langedragen I. Skriven ned av Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal gamle slåttar band III nr 4). Dette er ein slått som og finst etter Svein E. Lutro (variant c), og etter Myllarguten og Knut Dale.

105c: Hau, te flinke gut eg hev. Skriven ned av Arne Bjørndal 1911 (B 2385). Haugerud hadde slåtten etter Gregar Saga frå Bø i Telemark. Variant av Jenta med garde.

108d: Langedragen II. Skriven ned av Truls Ørpen 1928. Slåtten er og kalla Luråsen II. Slåtten har vore nytta både av Knut Lurås og av Øystein Langedrag. Slåtten finst og i form etter Johannes Dale.

112d: Sandsdalsgangar. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK. Variant av Moghusfela.

113f: Soteroen. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK. Gamal Langedrag-gangar.

114b: Skuldalsbruri. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 35). Haugerud hadde slåtten etter Knut Dale, Tinn. Dale hadde slåtten etter Myllarguten.

117i: Jon Tambur. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK. Slåttenamnet er etter spelemannen Jon Tambur frå Bø i Telemark. Variant av Tjønnbergen.

Gangar 2/4

112b: Tussen i Buschmannhaugen. Skriven ned av Truls Ørpen på 1930-talet (Ø 459). Buschmannhaugen er ein gamal gravhaug som låg på Nordgarden i Seljord, der Haugerud budde på denne tida. Buschmann var ein kondisjonert mann i bygda. Haugerud sette i hop slåtten i 1934, og fletta inn noko frå andre slåttar. Variant a er kalla Kjerringa på Tinn, etter Kjetil Løndal, ein slått som skriv seg frå Myllarguten.

119a: Langedragen. Skriven ned av Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1088). Forma er etter Halvor Mørkholt og Knut Dale. Variant b er etter Kittil Flaglien frå Krødsherad (ein gamal seljefløyteslått).

123a: Ligangaren. Skriven ned av Arne Bjørndal 1911 (B 127). Haugerud hadde slåtten frå Halvor Flatland, som hadde han frå Myllarguten. Slåtten er og kalla Kjosegangaren, etter Jon Kjos.

123b: Ligangaren. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1077). Variant c er etter Knut Heddi frå Setesdal.

124b: Luråshalling. Skriven ned av Truls Ørpen 1928 (Ø 224). Variant a er etter Steingrim Haukjem, og c etter Johannes Eide. Variant av Lofthusen, ofte kalla Lofthusen II.

130b: Elgskyttaren. Skriven ned av Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1078). Variant a er etter Gregar Nordbø, c er etter Sveinung Kleppe frå Bø i Telemark.

131a: Fossheimen. Skriven ned av Eivind Groven 1943 etter opptak i NRK (G 41). Namnet er etter spelemannen Bjørn Fossheim frå Seljord. Variant b er etter Gunleik Smedal, og variant c etter Ånund Tveiten.

133b: Lappebakken. Skriven ned av Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1079). Variant a er etter Knut Dale, variant c etter Ola Mosafinn. Namnet er etter spelemannen Hølje Lappebakken, som spela denne slåtten mykje. Haugerud har truleg slåtten etter Knut Dale. Minner mykje om Hopparen.

139a: Torstein Brunsdalen. Skriven ned av Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1073). Torstein Brunsdalen var ein flink dansar frå Numedal. Variant b er etter Steingrim Haukjem, og c etter Knut Dale. Variant d er etter Olav R. Berge.

140c: Mattis Flathus. Skriven ned av Eivind Groven 1939 (G 4). Etter Knut Dale, Tinn. Mattis Flathus var ein spelemann frå Sauherad kommune|Sauherad, og ein av lærarane til Myllarguten. Slåtten finst og i tradisjon etter Håvard Gibøen. Variant d er etter Olav H. Tveito og Eilev Smedal.

145c: Lonarkjempun. Skriven ned av Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1075).

145e: Halling etter Jon Eivindson Kåsa. Skriven ned av Truls Ørpen kring 1950 (Ø 329). Kåsa hadde slåtten etter Augun Askildt, Bø i Telemark. Variant a er etter Ola Mosafinn.

147e: Gudvangen. Skriven ned av Arne Bjørndal 1950 (B 2441). Haugerud hadde slåtten etter Knut Dale, som hadde han frå Håvard Gibøen.

152c: Fossegrimen. Skriven ned av Evind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1067).

152h: Asgjerd. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1066). Forma er svært lik variant g, etter Olav R. Berge.

153f: Kongsbergfenta. Skriven ned av Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1068).

155g: Rettarslåtten. Skriven ned av Eivind Groven 1955 etter minne (G 1043). Variant av Fenta. Namnet knyt forma til Rauland (Variant f).

155h: So sulla ho mor på rokkjen sin. Skriven ned av Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1071).

156k: Kjos-hjasen. Skriven ned av Eivind Groven 1956 etter minne (G 1070). Variant av Røyskatten.

157e: Bekkjinguten. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 32). Variant av Lofthusen.

157i: Leirlien. Skriven ned av Eivind Groven 1952 (G 861). Variant av Lofthusen.

157m: Ringjaren. Skriven ned av Eivind Groven 1956 etter opptak i NRK (G 1072). Variant av Lofthusen.

158c: Bordkøyraren. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 33). Variant av Hildalen.

159g: Hjartdølen. Skriven ned av Eivind Groven 1956 etter opptak i NRK (G 1074). Variant av Hopparen.

161d: Førnesbrunen. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 39).

Springar

238: Prillaren. Skriven ned av Arne Bjørndal 1911 (B 131). Slåtten er etter Knut Dale, som hadde han frå Håvard Gibøen. Han er og skriven ned av Johan Halvorsen. Prille = trille.

269: Lure-slåtten. Skriven ned av Eivind Groven 1946 (G 706). Slåtten er etter Halvor Flatland, som ein gong spela denne medan han sat i høgsæte. Dei som lydde på, totte han såg så lur ut. Slåtten er og kalla Høgsætebenken.

275: Springar. Haugerud skreiv ned slåtten sjølv (unummerert). Eivind Groven har sidan skrive ut slåtten etter Haugerud sin kladd.

276: Springar. Haugerud 106. Reinskriven av Eivind Groven.

277: Springar. Skriven ned av Haugerud, reinskriven av Groven.

278: Springar. Haugerud 142. Han har truleg laga slåtten sjølv. Reinskriven av Eivind Groven.

279: Bolkoen. Skriven ned av Henrik Gjellesvik. Namnet er etter Per Bulko, spelemann frå Voss. Minner mykje om springaren Store-Dekken frå Hallingdal.

297: Myllarspringaren. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1374). Første taket er ikkje ulikt opninga på Myllargutens minne (nr 298).

298: Myllargutens minne. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1342). Haugerud lærte slåtten av Olav Flatland før denne reiste til Amerika i 1890. Olav var bror av Hans Flatland, som hadde vore mykje i lag med Myllarguten.

343: Kolsrudspringar. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1367). Haugerud hadde slåtten etter Anund Haugan frå Heddal. Slåtten er knytt til spelemannen Ole Kolsrud frå Heddal.

344: Leikarvollbekken. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1377). Haugerud har dikta slåtten. Opninga minner noko om springaren Saltevju. Leikarvollbekken rann ikkje langt frå garden der Haugerud budde.

345: Jørånnatten. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1378). Haugerud har laga slåtten. Jørånnatten er ein nut i Lifjell. Haugerud kom på slåtten medan han sat på bussen mellom Bø og Seljord. Springaren er rekna som eit godt konsertnummer.

375b: Sagafossen. Skriven ned av Eivind Groven 1936 etter grammofonplate (G 448). Variant a er etter Steingrim Haukjem. Namnet er etter spelemannen Halvor Sagafossen frå Heddal.

385a: Fossheimen. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 43). Fossheim var ein spelemann frå Flatdal, Telemark. Variant b er etter Gjermund Haugen.

413a: Lars Skotet. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1356). Lars Skotet var ein spelemann frå Kviteseid. Variant b er etter Kjetil Løndal.

417b: Myllargutens draum. Skriven ned av Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1372). Variant a er etter Ola Mosafinn, variant c (Fru Stenersen), etter Sevat Sataøen. Slåtten skal vera dikta av Myllarguten.

422c: Kvål`en. Skriven ned av Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 52). Haugerud hadde slåtten etter Høye Kvåle, som slåtten og er kalla opp etter. Variant a og b er kjende som Helge Treisk, og er skrivne opp etter Johannes Dale og Steingrim Haukjem. Slåtten skriv seg truleg frå Håvard Gibøen.