Ise er ein tettstad og ein jernbanestasjon i Sarpsborg kommune i Østfold. Ise vart knytt til jernbanenettet i 1882, då Ise stasjon stod ferdig til opninga av den austre linja på Østfoldbanen. Alt tidleg på 1800-talet låg det eit glasbruk her, men utviklinga av den lokale industrien skaut fart etter at jernbanen kom hit. Sagbruket A/S Haga Hoell & Co etablerte seg på gamle Ise Brug i 1878, og i 1882 kom Ise Meieri og Landhandleri. Seinare kom Ise Mølle, Eriksen Jern & Metallstøperi og Granat Apparatfabrikk.

Staden har .

Kjelder

Kategori:Geografi i Sarpsborg Kategori:Tettstader i Østfold