Jubilee-linja er ei linje i London Underground. Den blei opna 1. mai 1979 på ei av dei to greinene på Bakerloo-linja, for å avlaste denne. Ein fire kilometer lang seksjon blei lagt til dette, slik at den går fram til Charing Cross. Den gamle undergrunnsstasjonen Charing Cross blei då omdøypt til Embankment. Linja er markert med grå farge, ofte referert til som sølv, på undergrunnskartet.

Linja skulle eigentleg heite Fleet-linja, etter elva Fleet, men på grunn av dronning Elisabeth II sitt sølvjubileum i 1977, og fordi planane om å forlenge linja til Fleet street hadde blitt skrinlagt, valde ein å kalle den Jubilee-linja. Gråfargen på kartet blei vald for å minne om sølvjubileet.

Ei utviding til Lewisham på den andre sida av Themsen var planlagt frå starten av, men blei ikkje starta på grunn av pengemangel. Ingenting skjedde før i 1990-årene, då arbeidet blei sett i gang. På det tidspunktet hadde det vore store forandringar i landskapet, spesielt i Docklands, og utvidinga fekk ein annan form enn den som opphavleg var planlagt. Strekninga frå Green Park til Charing Cross blei nedlagt, og linja blei lagt om via Westminster og Waterloo.

Kart 550px|center|Kart over Jubilee-linja

Stasjonar

Frå vest mot aust.

Stanmore Canons Park Queensbury Kingsbury Wembley Park Neasden Dollis Hill Willesden Green Kilburn West Hampstead Finchley Road Swiss Cottage St. John's Wood Baker Street Bond Street Green Park Blir delt i to greiner etter Green Park

Charing Cross-greina Charing Cross (nedlagt for Jubilee-linja i 1999)

Stratford-greina Westminster Waterloo Southwark London Bridge Bermondsey Canada Water Canary Wharf North Greenwich Canning Town West Ham Stratford

Denne artikkelen bygger på «Jubilee-linja» frå , den 7. juni 2008.

Kategori:Samferdsle i London