Kautokeino kyrkje er ei langkyrkje frå 1958 i Kautokeino kommune i Finnmark. Kyrkjebygget ligg på austsida av Kautokeinoelva, sør for Kautokeino sentrum.
Byggverket er i tre og er bygd med 300 plassar. Altartavla er måla av Jørgen Mudd og framstiller Jesus som ein hyrde. Lysekronene frå kyrkja som vart brent i 1944 er teken vare på og heng i kyrkja.
Den første kyrkja, som vart bygd av Sverige i 1701, vart brent av tyske styrkar i 1944.
Bakgrunnsstoff Kautokeino kyrkje i Arkitekturguide for Nord-Noreg og Svalbard
Kategori:Kyrkjer i Kautokeino Kategori:Kyrkjer i Indre Finnmark prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1958 Kategori:Kulturminne i Kautokeino Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme