Feøy skule er ein tidlegare barneskule på Feøy i Karmøy kommune.
Feøy var ein fådelt skule med berre eit klasserom. Skuleåret 2008/2009 hadde skulen 4 elevar. I tillegg hadde skulen kontor, datarom, kjøkken, gymsal og bibliotek.
Desember 2009 vedtok kommunestyret i Karmøy at Feøy skole skulle leggjast ned.Karmøylokal – Legger ned Feøy skole Han blei lagt ned i 2010, og skulebygget blei halde ved like av Feøy Velforening. I 2016 vedtok Karmøy formannskap å gje skulebygget til velforeininga, som fekk i oppdrag å driva bygningen som grendahus.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Arkivert nettside for skulen
Kategori:Karmøy kommune Kategori:Tidlegare skular i Rogaland Kategori:Nedleggingar i 2010