Graciosa er den nordlegaste av dei sentrale øyane i Asorane i Portugal. Øya har eit areal på 60,84 km² og ei oval form. Ho har in an oval form. Heile øya er ein stratovulkan som stig opp frå havbotn av Atlanterhavet. Den søraustlege enden er dominert av ein 1,6 km brei kaldera, kalla Caldeira.

Geografi Landskapet på Graciosa (som tyder fortryllande) er ei blanding av grøne enger med kvite landsbyar og isolerte hus. Ho har frodige jorde der det vert dyrka forskjellige frukter, vin, og beitemarker for kyr. Frå mjølkekyrene lagar innbyggjarane ein prisvinnande ost og andre mjølkeprodukt.

Formerones er ein klippeformasjon nær Vila de Santa Cruz med ei form som kan minne om ein kval.

Graciosa er av vulkansk opphav og stig til 402 meter over havet i sør der kalderaen ligg.

Kommunar Graciosa har berre ein kmomune, Santa Cruz da Graciosa]], med 4777 innbyggjarar.

Historie Graciosa vart oppdaga 2. mai 1450. Dei første nybyggjarane var frå Montemor-o-Velho og namnet hans var Vasco Gil Sodré. Han kom frå Terceira og slo seg ned på Graciosa med familien sin. Graciosa har i dag ein skule, ein latinskule, eit gymnas, ei kyrkje og ein plass (praça).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Graciosa» frå , den 22. juni 2008. oppgav desse kjeldene: Smithsonian Institute sitt Global Vulcanism Program om Graciosa

Bakgrunnsstoff Azores.com, ei kommersiell side med mykje informasjon om Graciosa Gatekart frå Mapquest Luftfoto frå Microsoft Terraserver

Kategori:Stratovulkanar Kategori:Vulkanar i Portugal Kategori:Øyar i Asorane