Francisco José de Goya y Lucientes () var ein spansk kunstmålar og grafikar. Han var knytt til hoffet i Madrid, og arbeida for kongane Karl IV og Ferdinand VII. Han er kalla far til den moderne kunsten.

Goya var ein evnerik portrettmålar i tradisjonen frå Velázquez og Rembrandt, og han hadde stor påverknad på seinare kunstnarar som Édouard Manet. Goyas arbeid er prega av ein personleg stil og eit sterk sosialt samvit. Han produserte historiske og samfunnsdokumentariske komposisjonar, og karikaturar av kvardagsliv og eventyrscener. Mellom hans sterkaste og mest kjende arbeid er ein serie bilete som framstiller krigens gru og lidingar.

Goya vart gradvis døv frå 1792. Mot slutten av livet levde han eit inneslutta og produserte skremmande og gåtefulle bilete av galskap og livets skuggesider. Hans måleri frå denne perioden vert kalla Pinturas negras og enkelte menar at dette er eit varsel om den seinare ekspresjonistiske kunsten.

Goya levde sine siste år i sjølvpålagt politisk eksil i Bordeaux i Frankrike.

Galleri

Bakgrunnsstoff

Triumph of the will. Artikkel om dei seine arbeida til Goya.

Kategori:Spanske målarar