mini|Dobrudsjafjella Dobrudsjaplatået (rumensk Podişul Dobrogei) er eit platå aust i Romania i regionen Dobrudsja. Det grensar til Donau i nord og vest, og til Donaudeltaet og Svartehavet i aust.

Middelhøgda til platået er rundt 200-300 meter over havet. Den nordlege delen er det høgaste området av platået og det høgaste punktet er Ţuţuiatu/Greci i Măcinfjella med ei høgd på 467 moh.

Klimaet er noko varmare og tørrare enn resten av Romania og derfor finn ein fleire planter frå Middelhavsområdet her.

Elvane Casimcea og Taiţa renn over platået frå vest til aust. Det er fleire innsjøar og nokre lagunar og dei viktigaste av desse er Oltina, Bugeac, Mangaliasjøen, Techirghiolsjøen, Siutghiol, Tasaul og Razim.

Inndeling Platået er vidare delt inn i Măcinfjella Casimceaplatået Tulceaåsane Medgidiaplatået Negru Vodă-platået Oltinaplatået Istriaplatået

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dobrogea Plateau» frå , den 7. juli 2008.

Kategori:Dobrudsja Kategori:Rumensk geografi Kategori:Platå i Europa