Târgoviște, òg skrive Tîrgoviște, er ein by i Romania med om lag 80 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i Dâmbovița fylke og ligg på høgresida av elva Ialomița.
Historie Byen vart først nemnd i 1396 i Reiseskildringar av Johannes Schiltberger og han vart hovudstad i eit voivodskap i Valakia, truleg under regjeringstida til Mircea cel Bătrân. Vlad III Dracula bygde seinare Chindiatårnet, som i dag er eit symbol på byen.
I 1597 kjempa Mihai Viteazul mot og vann eit avgjerande slag mot Det osmanske riket i Târgoviște.
Etter at Constantin Brâncoveanu flytta hovudstaden til București vart Târgoviște mindre viktig og folketalet minka i takt med dårlegare økonomi.
Det var i Târgoviște at Nicolae Ceaușescu og kona Elena vart dømde og avretta under den rumenske revolusjonen i desember 1989.
Busetnader mini|Kommunen Târgoviște innanfor Dâmbovița fylke Târgoviște er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Folketal 2011 Folketal 2021 Târgoviște 78 526 65 752 1 084 1 213
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Târgoviște» frå , den 11. juli 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare hovudstader Kategori:Dâmbovița fylke Kategori:Fylkeshovudstader i Romania Kategori:Municipiu i Dâmbovița fylke