Egypt under ptolemearane viser til perioden mellom 332 f.Kr. og 30 f.Kr., då hellenske herskarar regjerte i Egypt. Aleksander den store hadde erobra Egypt i 332 f.Kr., og ein av generalane hans, Ptolemaios, fekk tittelen satrap i Egypt etter Aleksander sin død i 323 f.Kr. I 305 f.Kr. utropte han seg sjølv til kong Ptolemaios I, seinare kjend som «Soter» (frelsar), og etterkommarane hans er kjende som ptolemearane.
Egyptarane aksepterte ptolemearane som etterfølgjarar av faraoane av eit sjølvstendig Egypt. Ptolemaios sin familie herska over Egypt fram til romarane erobra landet i 30 f.Kr. Hellenismen, med gresk språk og kultur, hadde stor innverknad i Egypt i denne perioden.
mini|høgre|Ptolemaios I Soter
Ptolemear-herskarar og ektefellar Fleire av kongane delte makta med konene sine, som ofte også var systrene. Fleire dronningar herska over Egypt sjølv, den mest berømte av dei var Kleopatra VII (51–30 f.Kr.).
RegjeringstidHerskarEktefelleAnna305–282 f.Kr.Ptolemaios I SoterEurydike, sidan Berenike I284–246 f.Kr.Ptolemaios II FiladelfosArsinoe I, sidan Arsinoe II FiladelfosHerska saman med Ptolemaios sonen (267–259 f.Kr.)246–222 f.Kr.Ptolemaios III Euergetes IBerenike II222–204 f.Kr.Ptolemaios IV FilopatorArsinoe III204–180 f.Kr.Ptolemaios V EpifanesKleopatra I180–164 f.Kr., 162–145 f.Kr.Ptolemaios VI FilometorKleopatra IIPtolemaios VII Neos FilopatorHerska aldri170–163 f.Kr., 145–116 f.Kr.Ptolemaios VIIIEuergetes II (Fyskon)Kleopatra II, sidan Kleopatra III132–124 f.Kr.Kleopatra II Filometora SoteiraI opposisjon til Ptolemaios VIII116–107 f.Kr., 88–81 f.Kr.Ptolemaios IX Filometor Soter II (Lathyros)Kleopatra IV, Kleopatra SeleneHerska saman med Kleopatra III i første regjeringsperioden hans.107–88 f.Kr.Ptolemaios X Aleksander IKleopatra Selene, Berenike IIIHerska saman med Kleopatra III fram til 101 f.Kr.81–80 f.Kr.Berenike III Filopator80 f.Kr.Ptolemaios XI Alexander IIBerenike IIIHerska saman med Berenike III, sidan åleine i 18/19 dagar.80–58 f.Kr., 55–51 f.Kr.Ptolemaios XII Neos Dionysos (Auletes)Kleopatra VEkteparet var likestilte herskarar58–57 f.Kr.Kleopatra V TryfaenaHerska saman med Berenike IV Epifaneia (58–55 f.Kr.)51–30 f.Kr.Kleopatra VIIHersket sammen med Ptolemaios XIII (51–47 f.Kr.)48–47 f.Kr.Arsinoe IVI opposisjon til Kleopatra VII47–44 f.Kr.Ptolemaios XIVSaman med Kleopatra VII44–30 f.Kr.Ptolemaios XV CæsarionSaman med Kleopatra VII
Kategori:Egyptisk historie Kategori:Tidlegare monarki i Afrika