Peter den store-bukta (russisk Залив Петра Великого, Zaliv Petra Velikogo) er den største bukta i Japanhavet i Primorskij kraj i Russland. Muravjov-Amurskij-halvøya og ei rekkje av øyar deler den 6000 km² store bukta i Amurbukta og Ussuribukta.

Kystlinja er om lag 1500 km lang og er delt inn i mange mindre buktar. Dei største av desse er Zolotoy Rog, Diomedesbukta, Ulyssesbukta, Nakhodkabukta, Possietbukta og Sjamora med sine fine sandstrender. Av øyar finn ein Rimskij-Korsakov-øyane, Askold, Putjatin og Russkijøya (som er skild frå fastlandet av Aust-Bosporos).

Om lag 630 km² av bukta er verna med Fjernausten marine naturreservat. Ein regatta vart halden her årleg. Om vinteren er den nordlege delen av bukta vanlegvis islagd.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Peter the Great Gulf» frå , den 13. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Detaljert informasjon om bukta

Kategori:Japanhavet Kategori:Bukter i Stillehavet Kategori:Bukter i Russland