Batkatsjnij er ei øy i Kaspihavet i Russland. Ho ligg like til høgre for munningen av Volga i eit område med mange deltaøyar.

Batkatsjnij har ei vridd form med mange nes og viker. Mellom øya og fastlandet ligg eit 1 km breitt sund. Ho er nesten 30 km lang og opp mot 10 km brei.

Dei nærliggande øyane Sedmoj (Ostrov Sedmoj) ligg om lag 7 km mot nordaust. Nizjnij, (Ostrov Nizjnij) ligg like aust for Batkatsjnij og mellom dei er avstanden berre om lag 1 km. Malij Setnoj (Ostrov Malij Setnoj) ligg 10 km aust for Batkatsjnij. Bolsjoj Setnoj (Ostrov Bolsjoj Setnoj) ligg 15 km mot aust, bortanfor Malij Setnoj. Andre øyar er Ostrov Zelenenkij og Ostrov Zeljonij

Administrativt høyrer Batkatsjnij og naboøyane til Astrakhan oblast.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Batkachnyy Island» frå , den 14. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Plassering Namn Prosjekt for biologisk mangfald i Kaspihavet

Kategori:Øyar i Russland Kategori:Astrakhan oblast Kategori:Øyar i Kaspihavet