mini|Waihi Beach. Waihi Beach er ein kystbusetnad heilt vest i havbukta Bay of Plenty på Nordøya på New Zealand. Han ligg ti km aust for byen Waihi, ved foten av Coromandelhalvøya. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet 1 773.
Maoriar har vore busette i området frå før-europeisk tid, og ein kan enno sjå ei rekkje pa innanfor nokre få km frå Waihi Beach. Europeisk busetnad tok for alvor til då det vart funne gull i området i 1870, men det var vanskeleg å koma til årene, og den einaste drivverdige gruva i området i mange år var den store Martha's Mine ved Waihi.
Waihi Beach og den nærliggjande vesle busetnaden Bowentown ved vestenden til hamna i Tauranga er populære feriestadar. Her ligg ei av dei sikraste havstrendene i landet, ei åtte km lang sandstrand. Til saman ligg folketalet kring 1900. Bowentown har sin eigen BMX-bane som er open for alle, like ved ein populær fritidspark.
Referansar
Kategori:Byar på New Zealand Kategori:Busetnader i Waikato Kategori:Bay of Plenty Kategori:Thames-Coromandel