Oladalen var hovudkvarteret til norske Linge-soldatar under leiing av kaptein Birger Sjøberg ved Eiterådalen i Vefsn under andre verdskrigen.
Våren 1943 kom ei gruppe Linge-soldatar til Helgeland for byggje opp att motstandsarbeidet etter arrestasjonane og avrettingane som følgde etter Majavatn-tragedien. Dei bygde ei hytte mellom Storvatnet og Litlvatnet vest for Holmfjellet i Eiterådalen, i eit dalsøkk dei gav namnet «Oladalen». Dalen fekk namn etter Ole Bårnes, med inspirasjon frå eventyrverda Sigurd Lybeck dikta om Jens von Bustenskjold i Oladalen. Sidan vart i tillegg ei hytte som hadde stått ved Litlvatnet flytta opp hit. I januar 1944 kom kaptein Sjøberg til Oladalen for å leie motstandsarbeidet.
I ein storstilt militæraksjon 8.- 9. juni 1944, der tyskarane sette inn mellom 500 og 1000 mann, vart motstandsgruppene knuste. Linge-soldatane brente hyttene ned og kom seg unna hovudkvarteret i siste liten. Birger Sjøberg og Johan Lynghaug fall i trefningane som følgde.
Sommaren 2004 bygde «Oladalens venner» den eine hytta i Oladalen opp att, som eit minnesmerke over hendingane under krigen. Minnesmerket ligg i Skjørlegda naturreservat.
Kjelder: Kjell Jacobsen: «Fra århundreskiftet til frigjøringsvåren» i Vefsn bygdebok b. III Oladalens venner, heimeside Knut Skorpen: Gardshistorie for Vefsn : gnr. 1 - 32
Kategori:Vefsn kommune Kategori:Norsk motstand under andre verdskrigen