Pamela Jelimo () eller Chelimo er ein kenyansk friidrettsutøvar som spesialiserer seg på 800 meter.

Jelimo begynte å springa som 13-åring, ho gjekk då på skule i Kapsabet. Ho begynte som sprintar. I juni 2007 kom ho på 5. plass i Kenya-meisterskapen på 400 meter. Det same året vann ho gull på 400 meter i den afrikanske juniormeisterskapen og sette kenyansk juniorrekord på 200 meter, med 24,68 sekund. Ho skal ha sprunge den første 800 meteren sin den 19. april 2008, med resultatet 2:01,02.

Gjennombrotet til Jelimo kom i afrikameisterskapen i friidrett i 2008, då ho var 18 år gamal.IAAF:May 4, 2008: Chelimo defeats Mutola, K. Bekele takes 5000m - African Championships, final day Ho sette ny kenyansk juniorrekord på 800 meter, med 1:58,70. 25. mai 2008 vann ho Hengelo grand prix og sette ny juniorverdsrekord med 1:55,76.IAAF, May 24, 2008: Saladino, Jelimo and Gebrselassie the stars in Hengelo – IAAF World Athletics Tour 1. juni 2008 sette ho ny afrikansk rekord, med 1:55,19 i eit Golden League-stemne i Berlin. Ho forbetra rekorden den 18. juli til 1:54,97 i Paris. Dette var den fjerde Golden League-sigeren hennar på rad.IAAF, July 18, 2008: Jelimo 1:54.97; Robles 12.88; Wariner 43.86 in Paris - ÅF Golden League, Paris

18. august 2008 vann Jelimo OL-gull på 800 m under Sommar-OL 2008 i Beijing. Ho vann på tida 1.54.87 - ny personleg rekord, og vart samtidig fyrste kenyanske kvinne som vann eit OL-gull.

Merittliste ÅrTurneringStadResultatDistanse2007Afrikansk juniormeisterskap Ouagadougou, Burkina Faso 1. 400 m2008Afrikameisterskap Addis Abeba, Etiopia 1. 800 m 2. 4x400 m stafett

Referansar

World Athletics

Kategori:Kenyanske mellomdistanseløparar Kategori:Afrikameistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012