mini|Fjellet Biale og Baltorobreen i Baltoro Muztagh. Baltoro Muztagh er ei fjellkjede på grensa mellom Pakistan og Kina. Ho er ein del av Karakoram-kjeda, og ligg nord og aust for Baltoro-breen. Her ligg K2 (8611 moh.), verdas andre høgaste fjell, i tillegg til tre andre fjell med ei høgd på over 8000 meter.

Høgaste delen av fjellkjeda dannar grensa mellom Kina og Pakistan. Sørdelen ligg i pakistanske Gilgit-Baltistan i Pakistan og norddelen i den kinesiske regionen Xinjiang.

I tillegg til dei fire fjella over 8000 meter (K2, Gasherbrum I, Broad Peak og Gasherbrum II) finn ein ei rekkje slåande fjellformasjonar i denne fjellkjeda, som Muztagh Tower, Uli Biaho og Trango Towers.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Baltoro Muztagh» frå , den 4. august 2008.

Denne artikkelen bygger på «Baltoro Muztagh» frå , den 24. mars 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjellkjeder i Kina Kategori:Fjellkjeder i Pakistan Kategori:Karakoram