mini|Kart som viser plasseringa til Laptevhavet.

Laptevhavet (russisk море Лаптевых, more Laptevykh) er eit randhav i Nordishavet. Det ligg mellom austkysten av Sibir, Tajmyrhalvøya, Severnaja Zemlja og Nysibirøyane. I nord grensar havet til ei linje som går frå Kapp Arktis ved 79°N og 139°E til Kapp Anisij. Karahavet ligg i vest og Aust-Sibir-havet i aust. Laptevhavet har eit areal på om lag og seglbart i august og september då det er mindre is enn resten av året.

Laptevhavet er kalla opp etter dei russiske utforskarane Dmitrij Laptev og Khariton Laptev. Tidlegare vart havområdet kalla Nordenskjoldhavet eller Nordenskiöldhavet (russisk море Норденшельда; more Nordensjelda), etter den svenske polforskaren Adolf Erik Nordenskiöld.Colliers Encyclopedia

Elva Lena, med det store deltaet sitt, og Olenjok munnar ut i Laptevhavet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Laptev Sea» frå , den 8. august 2008. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Økologi Publiseringar frå Alfred Wegner institutt (AWI) Berichte zur Polar- und Meeresforschung .

Kategori:Havområde i Nordishavet Kategori:Hav i Russland