Rajkoke (russisk Райкоке, japansk 雷公計島) er ei lita vulkansk øy med ein diameter på om lag 2,5 km. Ho er 551 meter over havet høg og høyrer til Kurilane i Russland. Vulkanen er framleis aktiv og det siste kjende utbrotet skjedde i 1924.
Rajkoke er ein av fem store ynglestadar for stellersjøløver i Kurilane og har den største kolonien av havhest i Kurilane. Kaptein Henry James Snow rapporterte i 1883 at 15 000 nordleg pelssel heldt til på øya. Men alt i 1890-åra var det berre få att på grunn av rovdrift av pelsjegarar. I dag er det ikkje pelssel att på Rajkoke i det heile.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Raikoke» frå , den 10. august 2008. oppgav desse kjeldene: Global Volcanism Program
Kategori:Kurilane Kategori:Vulkanar i Russland Kategori:Øyar i Russland Kategori:Stratovulkanar Kategori:Aktive vulkanar