Pauli Lauri Nevala () var ein finsk friidrettsutøvar. Han vart olympiameister i spydkast i 1964. Fem år seinare fekk han sølvmedalje i EM i friidrett.
Aktiv Nevala slo gjennom i 1961-sesongen då han først vart finsk meister, og sidan sette finsk rekord med eit kast på 84,23 meter. I 1964 skadde han eit auge under i ei bilulykke i Mexico, slik at han ikkje kunne trene fram til august månad. Under OL 1964 i Tokyo vann han overraskande gullmedaljen med eit kast på 82,66 m, hans lengste kast for sesongen.
Han deltok i tre europameisterskap. I 1962 vart han utslått i kvalifiseringa og i 1966 vart han nummer fire. Under EM 1969 i Aten presterte han heile 89,58 meter i sitt bestekast, noko som gav han sølvmedaljen bak den sterke sovjet-latviaren Janis Lusis.
Nevala deltok i alle sesongar i mange tevlingar. I 1969 var han med i 48 tevlingar og passerte 80-meterstreken i 41 av dei. I 1970 stilte han opp i 54 tevlingar, i fem av dei kasta han spydet over 90 meter. Hans lengste kast i 1970-sesongen kom i Helsingfors den 6. september, i ein landskamp mot Sverige. Der slengde han spydet 92,64 meter, det lengste kastet i verda det året og berre seks cm bak landsmannen Jorma Kinnunen sin verdsrekord.
Etter at Nevala i 1970 uttalte til den svenske avisa Aftonbladet at han kravde minst 800 svenske kroner for å delta i stemne, innleidde IOK-presidenten Avery Brundage granskingar om moglege brot på amatørvedtektene. Ved sesongopninga i april 1971 i Abidjan pådrog Nevala seg ein skulderskade, og vart tvinga til å leggje opp. IOK innstilte då sine granskingar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap Europameisterskapen 1962 i Beograd - utslått i kvalifiseringa Olympiske sommarleikar 1964 i Tokyo - gullmedalje, 82,66 m Europameisterskapen 1966 i Budapest - 4. plass, 80,36 m Olympiske sommarleikar 1968 i Mexico by - utslått i kvalifiseringa (14. plass, 77,90 m) Europameisterskapen 1969 Aten - sølvmedalje, 89,58 m
Personlege rekordar og årsbeste År 1960 1961 1962 1963 1964 1965 1966 1967 1968 1969 1970 Lengde (m) 72,56 84,23 80,80 86,33 82,66 80,04 82,72 84,54 84,92 91,40 92,64
Kjelder
Norsk, finsk og tysk wikipedia Friidrott, aktuelle årgangar. Hälsingborg.
World Athletics
Kategori:Finske spydkastarar Kategori:Olympiske meistrar for Finland Kategori:Olympiske meistrar i spydkast Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968