Elgygytgynsjøen (russisk Эльгыгытгын) er ein innsjø på Tsjuktsjihalvøya nordaust i Sibir i Russland. Han har ein diameter på om lag 15 km og er 175 meter på det djupaste. Innsjøen ligg i eit nedslagskrater etter ein meteoritt og kraterkanten har ein diameter på 18 km. Krateret vart danna for 3,6 millionar år sidan (pliocen).
Innsjøen er interessant for forskarar fordi han ikkje har vore dekt av isbrear. Dermed har 400 meter med sediment bygd seg opp i botn av innsjøen og lagra informasjon om førhistoriske klimaendringar.
Dyreliv Tilhøva i Elgygytgynsjøen er harde for fiskelivet. Derfor finst det berre tre permanente fiskeartar i innsjøen, tre typar av aure, Salvelinus boganidae, S. elgyticus og Salvethymus svetovidovi (langfinna aure). Dei to siste artane er endemiske for Elgygytgynsjøen. Røye har vorte sett ut i innsjøen i nyare tid.
Bakgrunnsstoff Dr. Matt Nolan ved University of Alaska Fairbanks Polekspdisjonar til sibirsk innsjøar PhysOrg.com. Aure Arctic char introduction: Utsetting av røye
Kategori:Krater i Russland Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Pliocen Kategori:Tsjukotka