Hallingdølen er ei avis som vert utgjeve i Ål kommune i Buskerud fylke. Embrik Luksengard er redaktør og Ola Stave er administrerande direktør. Avisa vart grunnlagd i 1936 og har fire gonger fått prisen Årets lokalavis, i 2005, 2008, 2012 og 2014. I 2014 og 2021 vart avisa også kåra til Årets europeiske lokalavis i European Newspaper Award. Avisa kjem ut på tirsdagar, torsdagar og laurdagar.

Ein hallingdøl er ein som kjem frå Hallingdal. Alt redaksjonelt stoff i avisa er på nynorsk.

Opplagstal

Bakgrunnsstoff Hallingdølen

Kjelder

Kategori:Aviser i Buskerud Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Hallingdal Kategori:Ål kommune Kategori:Skipingar i 1936