Tapakuloar er ei gruppe av sporvefuglar i Sør-Amerika med flest artar i Andes. I tillegg finst det tre artar i det sørlege Sentral-Amerika. Taksonomien for gruppa er omstridt, tradisjonelt har tapakuloar vore samla i ein distinkt familie Rhinocryptidae, men nyare studiar har synt at dei alternativt kan reknast som ei gruppe av familien maurrikser, Formicariidae.
Skildring Tapakuloar er små til mellomstore fuglar. Storleiken varierer frå 10 til 24 cm. Artane er terrestriske, har korte venger og fuglane har derfor dårlege flygeevner. Dei har kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist. Medan fleirtalet av artar i familien er små svarte eller brunlege fuglar, finst det òg større og meir fargerike artar. Dei vert enklast oppdaga og identifisert med hjelp av kjenneteikn i songen. Føda er insekt samt frø og anna mjukt plantemateriale. Dei skrapar i bakken som ein fasan med det korte, rette nebbet. Dei fleste artane legg to eller tre kvite egg på ein overdekt plass, enten i ei hòle, eit holt tre eller i eit overbygd reir.
Trugsmål og vern Nokre artar har svært avgrensa lokalitetar, og når dei er dårlege flygarar blir dei lett isolert i små bestandar. Per 2007 vurderte BirdLife International ein art som sårbar (tacarcunatapakulo, Scytalopus panamensis), tre artar som truga (sumptapakulo, S. iraiensis, magdalenatapakulo, S. rodriguezi og ecuadortapakulo, S. robbinsi), og to artar kritisk truga (hermestapakulo, Eleoscytalopus psychopompus og bahiabørstepanne, Merulaxis stresemanni). Dei to kritisk truga artane har distribusjon i atlantisk regnskog i austlege Brasil, og blei nyleg gjenfunne etter fleire år utan rapporteringar.
mini|høgre|Kvitbrysttapakulo, Eleoscytalopus indigoticus mini|høgre|Stjernesmett, Psilorhamphus guttatus mini|høgre|Perletapakulo, Acropternis orthonyx
Artslista Tapakuloar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Slekt Pteroptochos Brunbrystturka, Pteroptochos castaneus, Chestnut-throated Huet-huet, LC, Philippi & Landbeck, 1864 Svartbrystturka, Pteroptochos tarnii, Black-throated Huet-huet, LC, King, 1831 Skjeggturka, Pteroptochos megapodius, Moustached Turca, LC, Kittlitz, 1830
Slekt Scelorchilus Kvitstrupetapakulo, Scelorchilus albicollis, White-throated Tapaculo, LC, Kittlitz, 1830 Raudstrupetapakulo, Scelorchilus rubecula, Chucao Tapaculo, LC, Kittlitz, 1830
Slekt Liosceles Rustbandtapakulo, Liosceles thoracicus, Rusty-belted Tapaculo, LC, Sclater, 1865
Slekt Acropternis Perletapakulo, Acropternis orthonyx, Ocellated Tapaculo, LC, Lafresnaye, 1843
Slekt Rhinocrypta Topptapakulo, Rhinocrypta lanceolata, Crested Gallito, LC, Geoffroy Saint-Hilaire, 1832
Slekt Teledromas Løpetapakulo, Teledromas fuscus, Sandy Gallito, LC, Sclater & Salvin, 1873
Slekt Psilorhamphus Stjernesmett, Psilorhamphus guttatus, Spotted Bamboowren, NT, Ménétries, 1835
Slekt Merulaxis Svartbørstepanne, Merulaxis ater, Slaty Bristlefront, NT, Lesson, 1831 Bahiabørstepanne, Merulaxis stresemanni, Stresemann's Bristlefront, CR, Sick, 1960
Slekt Eugralla Brunflanketapakulo, Eugralla paradoxa, Ochre-flanked Tapaculo, LC, Kittlitz, 1830
Slekt Myornis Osketapakulo, Myornis senilis, Ash-colored Tapaculo, LC, Lafresnaye, 1840
Slekt Eleoscytalopus Kvitbrysttapakulo, Eleoscytalopus indigoticus, White-breasted Tapaculo, NT, Wied, 1831 Hermestapakulo, Eleoscytalopus psychopompus, Bahia Tapaculo, CR, Teixeira & Carnevalli, 1989
Slekt Scytalopus 40 eller fleire artar av tettvaksne, bakkelevande tapakuloar med stutte halar
Kjelder
Irestedt, Martin; Fjeldså, Jon; Johansson, Ulf S. & Ericson, Per G.P. (2002): Systematic relationships and biogeography of the tracheophone suboscines (Aves: Passeriformes). Molecular Phylogenetics and Evolution 23(3): 499–512. Krabbe, N and Schulenberg, T. (2003). Family Rhinocryptidae (Tapaculos). Pp. 748-787 I: del Hoyo, J., Elliott, A., and Christie, D. eds. (2003). Handbook of the Birds of the World. Vol. 8. Broadbills to Tapaculos. Lynx Edicions, Barcelona. ISBN 84-87334-50-4 Maurício, G, (2005). Taxonomy of the southern population in the Scytalopus speluncae group, with the description of a new species and remarks on the sytematics and biogeography of the complex (Passeriformes: Rhinocryptidae). Ararajuba. 13(1): 7-28. Raposo, M., Stopiglia, R., Loskit, V., and Kirwin, G. (2006). The correct use of the name Scytalopus speluncae (Ménétriés, 1835), and the description of a new species of Brazilian tapaculo (Aves: Passeriformers: Rhinocryptidae). Zootaxa 1271: 37-56. :* Rice, Nathan H. (2005a): Phylogenetic relationships of antpitta genera (Passeriformes: Formicariidae). Auk 122(2): 673-683. [Engelsk med samandrag på spansk] PDF fulltext Rice, Nathan H. (2005b): Further Evidence for Paraphyly of the Formicariidae (Passeriformes). Condor 107(4): 910-915. [Engelsk med samandrag på spansk] PDF fulltext Status of the members of Rhinocryptidae BirdLife International (2007). Comitê Brasileiro de Registros Ornitológicos: List of Birds in Brazil Referansar
Bakgrunnsstoff Videoar med tapakuloar
Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen