Kenneth Braaten () er ein tidlegare norsk kombinertløpar som representerte Bossmo Ytteren.
Han var med på det norske laget som vann gull i lagkonkurransen under Vinter-OL 1998 i Nagano. Tidlegare same året vann han sin første, og karrieras einaste, siger i verdscupen, i eit sprintrenn i Ramsau. Han var og med på å vinne gull i lagkonkurransen under Ski-VM i Lahti i 2001.
Braatens siste internasjonale meisterskap var Ski-VM 2005 i Oberstdorf. Etter skuffande resultat i dette meisterskapet valde Braaten å legge opp.
Bakgrunnsstoff Biografi hjå FIS
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Folk frå Rana Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998