Ilmen (russisk Ильмень) er ein historisk viktig innsjø i Novgorod oblast i Russland, som tidlegare var ein viktig del av handelsruta frå væringane til grekarane. Byen Novgorod ligg seks kilometer nedanfor utsiget til innsjøen.

mini|venstre|Elvene som renn inn i og ut av Il’men’.

Han har eit gjennomsnittleg overflateareal på 982 km² (kan variere frå 733 til 2090 km² avhengig av vassnivået). Innsjøen får vatn frå 52 elvar og dei fire største er Msta, Pola, Lovat, Sjelon og har eitt utsig, Volkhov som munnar ut i Ladoga og vidare via Neva til Finskebukta.

Vassnivået vert regulert av Volkhov vasskraftverk i elva Volkhov. I juli har innsjøen ein temperatur på 19-20 °C og badesesongen varer om lag 90 dagar. Det går skipsruter frå Novgorod til Staraja Russa og frå Novgorod til Sjimsk.

Ordsoge Namnet Il’men’ er av austersjøfinsk opphav, som mange elve- og innsjønamn i mellom det austersjøfinske og mordvinske området. Det moderne finske namnet på sjøen er Ilmajärvi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Ilmen» frå , den 28. august 2008.

Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Novgorod oblast