250px|right|thumb Kubenskojesjøen (russisk Кубенское озеро) er ein stor og grunn innsjø i Vologda oblast i Russland, om lag 109 meter over havet. Han strekkjer seg 60 km frå nordvest til søraust og er 3–9 km brei.

Han har eit areal på 648 km², og utan øyar 407 km². I snitt er innsjøen 3 meter djup. Han er kjend som ein vindfull stad og varierande vassnivå gjennom året. Gjennom året varierer djupet frå 2,4 til 5,5 meter.Paleolimnology Guide Kubenskojesjøen er kjelda til elva Sukhona.

Området ved Kubenskojesjøen vart busett av russarar på 1100-talet då Kamennij kloster vart grunnlagd på ei øy i innsjøen. Ein av greinene til fyrstane av Jaroslavl eigde land i nærleiken og vart kalla fyrst Kubenskij. Sidan 1828 har innsjøen vore ein del av Volga-Nordlege Dvina-kanalen. Den austlege endepunktet for Nordre Dvina-kanalen er nordvestenden av innsjøen. I 1917 vart det bygd ei demning ved utsiget i Sukhona og innsjøen vart omgjort til eit vassreservoar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 29. august 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Vologda oblast