Sjokade er eit mørkt norsk sjokoladepålegg. Det blei lansert i 1961 av Stabburet, og er dermed det eldste norske sjokoladepålegget. Sjokade er laga med kakao, kokosolje og karamellisert sukker. Det inneheld ikkje nøtter eller mjølk.
Stabburet lagar framleis pålegget som del av Orkla Foods.
Nugatti er eit liknande, men lysare og nokre år yngre sjokoladepålegg.
Ein kan få Sjokade både i boksar og tuber.
Kakaoen i Nugatti er UTZ-sertifisert, det vil seia at produksjonen av han følgjer visse vilkår for menneske og miljø.
Kjelder
Kategori:Pålegg Kategori:Sjokoladeprodukt Kategori:Orkla ASA Kategori:Skipingar i 1961