Dykh-Tau eller Dykhtau (russisk Дыхтау) er eit høgt fjell i Kabardino-Balkaria i Russland, om lag 5 km nord for grensa til Georgia. Fjellet er det nest høgaste i Kaukasus (etter Elbrus), og om ein reknar Kaukasus nord for hovudkammen til Europa, det nest høgaste fjellet i Europa.
Tilkomst Dykh-Tau er lettast å nå frå nord (Russland). Ein kan kome til kandsbyen Bezingi frå Naltsjik i Kabardino-Balkaria med offentleg transport. Fjelleiren ved Bezingi ligg 2180 moh. Frå her tar det vidare to dagar for å nå basen. Frå her tar det vidare to dagar å nå basen for å klatre opp fjellet.
Klatreruter Dette er ein av dei store toppane i Kaukasus og ligg ved den store Bezingiveggen Bezingibreen. Den første klatringa vart gjort i 1888 av Albert Mummery og Zarfluh. Ruta deira opp sørvestryggen vert ikkje lenger nytta som normalruta, som no er nordryggen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dykh-Tau» frå , den 15. september 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff PeakBagger.com: Gora Dykh-Tau summitpost.org: Dykhtau
Kategori:Fjell i Russland Kategori:Kabardino-Balkaria Kategori:Seven Second Summits