Malyj Semiatsjik (russisk Малый Семячик) er ein vulkan som ligg aust på Kamtsjatkahalvøya i Russland. Han består av ein stratovulkan i ein 10 km brei kaldera, som igjen ligg i ein 15-20 km brei kaldera kalla Stena Soboloiny frå midten av pleistocen. Tre overlappande stratovulkanar har oppstått langs ei linje som går frå nordaust til sørvest. Den yngste kjegla, Seno-Semiatsjik, ligg i sørvest. Ein varm, syrete kratersjø fyller det historisk aktive Troitskijkrateret, som oppstod i form av store eksplosive utbrot for om lag 400 år sidan.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maly Semiachik» frå , den 21. september 2008. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kamtsjatka kraj Kategori:Fjell i Russland Kategori:Vulkanar i Russland Kategori:Stratovulkanar Kategori:Kalderaer i Russland Kategori:Kratersjøar