mini|Mikhailovhalvøya ligg nedst til høgre på kartet. Mikhailovhalvøya (russisk Poluostrov Mikhailova) er ei lita halvøy på austkysten av Karahavet og på vestsida av Tajmyrhalvøya i Krasnojarsk kraj i Russland.

Mikhailovhalvøya er dekt av tundra og ligg nord for Mininaskjera. Halvøya er ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.Great Arctic State Nature Reserve

Klimaet i området er kaldt med lange, bitre vintrar. Havet omkring Mikhailovhalvøya er dekt av is det meste av året. Smeltinga byrjar i midten av juni, men alt i september frys havet til igjen.

Historie I 1921 fann ein sovjetisk-norsk ekspedisjon leia av Nikifor Begitsjev, som leita etter Roald Amundsen sine menn Peter Tessem og Paul Knutsen, restane av eit leirbål med forkola bein nær Mikhailovhalvøya. Ein meinte at dette var restane av dei to nordmennene. Nyare forsking har derimot vist at leirbålet truleg kom frå den mislukka Rusanov-ekspedisjonen.William Barr, The Last Journey of Peter Tessem and Paul Knutsen, 1919.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mikhailov Peninsula» frå , den 21. september 2008. oppgav desse kjeldene: William Barr, The Last Journey of Peter Tessem and Paul Knutsen, 1919. Naturreservat

Kategori:Karahavet Kategori:Halvøyar i Russland Kategori:Krasnojarsk kraj