thumb|right|Abba Kovner Abba Kovner () var ein litauisk jødisk diktar og skribent som for det meste skreiv på hebraisk. Han vart òg ein partisanleiar under andre verdskrigen. Han var søskenbarn med den israelske kommunistleiaren Meir Vilner.

Kovner vart fødd i Sevastopol på Krim, men flytta så med familien sin til Vilne, som då låg i Polen. Han vart aktiv medlem i den sosialistiske og sionistiske ungdomsrørsla Hashomer Hatzair.

I juni 1941 kom det nazi-tyske åtaket og okkupasjonen, og Vilne-ghettoen vart etablert. Abba Kovner kom snart til at ei motstandsgruppe måtte skipast. Han var ein av leiarane i partisangruppa Fareynigte Partizaner Organizatsye (FPO), og leidde mellom anna åtak på tyske mål frå skogane rundt Vilne. Han har òg vorte skulda for valdshandlingar mot polske og litauiske sivile.

Etter at Vilne vart frigjort frå nazistane av den sovjetiske Raude Arméen, var Kovner aktiv i å hjelpe jødar til Palestina. Dit fór han sjølv òg, og han deltok i den israelske sjølvstendekrigen.

I 1970 fekk Kovner «israelprisen» i litteratur.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Abba Kovner» frå , den 22. september 2008.

Bakgrunnsstoff Chronicles of the Vilna Ghetto: wartime photographs & documents - vilnaghetto.com Abba Kovner Biography Abba Kovner and Resistance in the Vilna Ghetto

Kategori:Litauiske forfattarar Kategori:Folk frå andre verdskrigen Kategori:Jødiske diktarar Kategori:Askenasar