Laja er ei elv i Nenetsia og Republikken Komi og ei av sideelvane til Petsjora frå høgre.
Elva er 332 km lang og har eit nedslagsfelt på km². Elva frys til i oktober og vert isfri att i slutten av mai.
Dei største sideelvane hennar er Kerjurvis, Lajavozj, Sertsjeju og Jurjakha.
Laja spring ut frå innsjøen Lajato i Nenetsia. Frå her renn ho sørover over Bolsjezemelskaja Tundra. Elva er særs svingete. Laja munnar ut i Petsjora nedanfor Ust-Usa.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Лая (приток Печоры)» frå , den 24. september 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Komi Kategori:Elvar i Nenetsia