Dombås er eit sokn og ein tettstad i Dovre kommune, nørdst i Gudbrandsdalen i Oppland i Innlandet fylke.

Dombås sokn Domåsgrendi og Blestergrendi høyrde opphavleg til Lesja sokn, men i 1861 blei dei overflytta til Dovre soknDis-Norge. Etter etableringa av jernbanen og den etterfølgjande folkeauken på Dombås kom ønske om eiga kyrkje og i 1939 blei Dombås kyrkje vigsla. I seinare år har Dombås også blitt utskilt frå Dovre som eit sokn for seg sjølv, med om lag 1 410 innbyggjarar (2013). Soknegrensa går omtrent langsmed Tungbekken og Hjellåi på høvesvis vestsida og austsida av Gudbrandsdalslågen.

Dombås tettstad Tettstaden Dombås ligg like aust for Gudbrandsdalslågen, og er med sine den folkerikaste i kommunen. Han er eit trafikknutepunkt mellom Austlandet, Trøndelag og Vestlandet: Hovudårene mellom Oslo i sør og Trondheim i nord, E6 og Dovrebanen, blir her møtt av E136 og Raumabanen som kjem frå Romsdal i vest.

Tettstaden er opphavleg ein stasjonsby som voks fram etter at Dombås stasjon opna i 1913.

mini|venstre|Dombås kyrkje mini|venstre|Dombås stasjon

Sjå òg Tettstader i Innlandet

Kjelder SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Oppland»

Fotnotar

Kategori:Geografi i Dovre Kategori:Tettstader i Innlandet