Ein ofse er eit omgrep som regel nytta om ein storflaum. Omgrepet kan dessutan òg tyde uvêr eller storm.
Av storflaumar i Noreg som har vorte kalla finn ein: Storofsen - ein storflaum som råka indre område i store delar av landet i 1789. Vesleofsen - ein storflaum som råka Austlandet i 1995. Digerofsen - ein stoflaum som råka Vågåmo i 1340-åra. Ofsen - ein storflaum som råka Austlandet og Årdals- og Lærdalselva i juni 1860.
Ordet kan òg tyde «noko som er over måten» eller ei «ovstor mengd».
Kjelder
Kategori:Flaumar