Svenner fyrstasjon er eit fyr som ligg på øya Korpekollen i øygruppa Svenner i Larvik kommune i Vestfold.

Fyret vart første gong tent 22. oktober 1874. Det opphavlege tårnet var bygd i stein av fangar som sat på Akershus festning. I 1900 vart det eksisterende tårnet i støypejern bygd. Tårnet har ei høgd på 18,7 m og lyshøgda er 40,3 meter over havet. Lysvidda til fyer er på 12,8 nautiske mil. Fyret vart avfolka i slutten av 2002 og automatisert i 2003. Fyret med tilhøyrande bygningar vart freda i 1997.

Vestfold Fylkeskystlag med samarbeidspartnarar leiger per 2008 fyret av Kystverket. Fyret er tilrettelagt for utleige.

I kystleisesongen 30. juni–12. august vert Svenner fyr drifta av lokale vertskapsfamiliar.

Namnet Svenner kjem av det norrøne Sveinar, som tyder 'gutar, karar', utan at ein kjenner bakgrunnen for dette.

Bakgrunnsstoff Svenner

Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Svenner fyr» frå , den 1. oktober 2008.

Andre kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Larvik Kategori:Kulturminne i Larvik Kategori:Freda bygg i Vestfold