Ytre Møkkalasset fyrstasjon, eller Tvedestrand fyr er eit fyr som ligg på eit skjer mellom Kilsund og Kalvesund i Arendal kommune i Agder.

Fyret fungerte som lei- og innseglingsfyr og vart oppretta i 1888 etter ønske frå Tverdalsøens Sømandsforening. Dette var det første støypejernstårnet i Aust-Agder.

Det første anlegget

Ytre Møkkalasset fyr er eit 15 meter høgt støypejernstårn plassert på ein 3 meter høg steinsokkel. Det vart innreidd eit lite kjøkken og to små rom, i steinsokkelen eit kjellerrom og ein oljebod, samt vassbehaldar. På det vesle skjeret var det ikkje plass til noko familebustad, og fyrbygningen vart sett opp i Brårvikkilen på Flosterøya. Fyret vart tent 15. september 1888

I 1945 vart tårnet skadd under eit åtak av allierte fly. Tårnet og lykta vart reparert i 1946, men samstundes vart fyret automatisert og avfolka. Det vart installert ei fyrlykt med ei acetylengassbrennar. Fyret vart sløkt og nedlagt i 1986.

Dagens anlegg I dag fungerer Ytre Møkkalasset som dagmerke. Sidan 1986 har fyret stått og forfall, og i dag er det berre eit tomt skal igjen.

Fyrstasjonen er eit sjeldan døme på eit lågt støypejernstårn med marginale buforhold, men er ikkje freda.

Sjå òg Fyr i Noreg Nedlagde fyrstasjonar i Noreg

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ytre Møkkalasset fyr» frå , den 2. oktober 2008.

Andre kjelder

Bakgrunnsstoff Sjømerke i Arendal

Kategori:Fyr i Arendal Kategori:Freda bygg i Agder Kategori:Kulturminne i Arendal Kategori:Skipingar i 1888 Kategori:1888 i Noreg Kategori:Raet nasjonalpark