«Don’t Bother Me» er den første songen skrive av George Harrison. Han vart gjeve ut på albumet With the Beatles av The Beatles i 1963.

Harrison skreiv songen medan han låg sjuk på eit hotellrom i Bournemouth i England, der Beatles spelte nokre konsertar sommaren 1963. Harrison har sjølv aldri tykt så mykje som songen og såg på songen som eit eksperiment for å sjå om han kunne skrive ein song.

Den mørke stemninga og ulukkelege teksten, «So go away, leave me alone, don’t bother me», var uvanleg for The Beatles på denne tida, men skulle kome til å verte karakteristisk for Harrison. Songen er stort sett i moll og har eit tjukt lydbilete med doble vokalspor, gitarar med mykje klang og livlege trommer. Rytmen er ein latinsk rytme med ein stop-time-struktur.

Medverkande George Harrison — sologitar, vokal John Lennon — rytmegitar, tamburin Paul McCartney — bass, claves Ringo Starr — trommer, bongotrommer George Martin – plateprodusent Norman Smith – lydteknikar Personell per Ian MacDonald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 3. oktober 2008. oppgav desse kjeldene: Harrison, George (1980). I Me Mine. Simon og Schuster. ISBN 0-671-42787-3. MacDonald, Ian (1995). Revolution In the Head: The Beatles' Records og the Sixties. Vintage. ISBN 0-7126-6697-4.

Bakgrunnsstoff Alan W. Pollack sine kommentarar om «Don’t Bother Me» Ian Hammond sin analyse

Kategori:Songar frå 1963 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av George Harrison Kategori:The Telstars-songar