mini|Utsvolta bønder og forbipasserande i Kharkiv i 1933. Holodomor (ukrainsk Голодомор), er eit namn som har vorte bruka om ei stor hungersnaud i åra 1932-1933 i Ukraina og andre regionar i Sovjetunionen, særleg i Sør-Russland. Om offertala er det ulike meiningar, men det kan vere tale om fleire millionar. Ordet holodomor er samansett av det ukrainske ordet holod, som tyder 'hunger', og det gamle austslaviske ordet mor, som tyder 'død'.

Om årsakene til Holodomor er det svært ulike oppfatningar. Særleg ein del ukrainske historikarar meiner at det dreidde seg om ei systematisk hungersnaud organisert av Stalin-regimet.Aftenposten: Mintes Europas glemte tragedie 23. november 2008 Russiske historikarar seier derimot at hungersnauda var resultat av ein dårleg haust, og at problemet vart forsterka av tvangskollektiviseringa av landbruket og motstanden blant bøndene. Samtidig eksporterte Sovjetunionen korn.

Nyare vestleg forsking tyder på at Holodomor kan forklarast av ei kjede av samanhengar der både den omsynslause tvangskollektiviseringa og ein dårleg haust er med.

EU og USA er blant dei som har anerkjent hungersnauda som eit folkemord på ukrainarane. SN har derimot avvist dette.Ifølgje avisa Klassekampen 4. oktober 2008

Russland avviser termen folkemord om denne hungersnauda. Dei viser til at også menneske frå andre folkeslag enn ukrainarane var offer for sveltedøden under denne katastrofen. I somme russiske kretsar meiner dei Holodomor blir misbruka av visse kretsar i Ukraina for politiske formål.

Land som har anerkjent Holodomor som folkemord mini|450px|Kart over land som har anerkjent Holodomor som folkemord.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Holodomor» frå , den 5. oktober 2008.

Sjå òg Hungersnauda i Bengal i 1943

Bakgrunnsstoff Holodomor.org (ukrainsk og engelsk) Findings of the Commission on the Ukraine Famine, U.S. Commission on the Ukraine Famine, Report to Congress. Adopted by the Commission, 19. april, 1988 (engelsk) Joint declaration at the United Nations in connection with 70th anniversary of the Great Famine in Ukraine 1932-1933 (engelsk)

Kategori:Ukrainsk historie Kategori:Sovjetisk historie Kategori:Folkemord Kategori:Hungersnauder Kategori:Hendingar i 1932 Kategori:Hendingar i 1933