Sletringen fyrstasjon er eit fyr som ligg utanfor Titran på Frøya i Sør-Trøndelag.

Det første tårnet her vart bygd i 1899, medan det noverande tårnet i støypejern vart bygd i 1923. Det står på ein høg sokkel av betong, liknande Geitungen fyrstasjon i Rogaland og Makkaur fyrstasjon i Finnmark. Tårnet har ei høgd på 45 meter og er det høgaste i landet. Fyrmeistarbustaden ligg inne i sjølve tårnet. Den franske lynblinklinsa frå 1923 er framleis i drift.

I 1968 vart det sett inn tyfon som tåkesignal og denne er framleis bevart, men ikkje i bruk. Rundt fyret ligg eit maskinhus, uthus og naust og ein sirkelforma betongmur

Fyret vart avbemanna og automatisert i 1993 og er i dag freda etter lov om kulturminne. Likevel har fyret forfalle og har sidan mars 2008 vore ut av drift.NRK: Sletringen fyr forfaller (21. august 2008)

Sjå òg Fyr i Noreg

Kjelder

Kjelder i tekst

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Frøya Kategori:Freda bygg i Trøndelag Kategori:Kulturminne i Frøya