Patrice Latyr Evra () er ein fransk-senegalesisk tidlegare fotballspelar. Han spelte stort sett på venstrebacken, men kunne også spele venstre midtbane.

Evra kom til Manchester United i januar 2006 for 5,5 millionar pund, og debuterte same månad i byderbyet mot Manchester City.

Han starta karrieren i den franske toppklubben Paris Saint-Germain, men meldte i 1998 overgang til den italienske Serie C1-klubben Marsala Calcio. Etter berre eit år steig han i gradene og gjekk til Monza i Serie B. Han vart likevel ikkje lenge her heller, og flytta tilbake til Frankrike og Nice i 2000. I 2002 kom han til Monaco, der han spelte fram til han blei kjøpt av Manchester United i 2006. Han har vorte seriemeister i England fem gonger med Manchester United (2007 2008, 2009, 2011 og 2013) og to gonger i Italia med Juventus, i 2015 og 2016.

Bakgrunnsstoff Patrice Evras profil på united.no Patrice Evras profil på manutd.com (engelsk)

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Senegalesiske fotballspelarar Kategori:Monaco-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Nice-spelarar Kategori:Monza-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Marseille-spelarar Kategori:West Ham-spelarar Kategori:Folk frå Dakar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016