mini|Mauragn på ein fiskekrok. Agn, lokkemat, åt eller åte er noko ein bruker for å lokka eit bytte i jakt, fangst eller fiske.
Jakt og fiske
Åte kan nyttast til å jakte på rovdyr. Ved å leggje ut åte eller lokkemat, som til dømes kan vere eit åtsel eller eit stoff med liknande lukt, kan ein trekkje rovdyr til åtet, medan jegeren ligg i skjul til dyret er på skothald. Åte kan òg nyttast til å lure dyr inn i ei felle, som til dømes ei musefelle.
Agn viser til åte som ein nyttar som lokkemat for fisk. Fiskaren kan då setje agnet på ein ongul for å få fisken til å bite over kroken.
Andre tydingar
Åte er eit fellesnamn på dyreplankton eller fiskeyngel i havet. Dette er viktig næring for fisk og kval. Åte kan òg tyde ein stim av fisk, som ei åte med sild. Å strø åte vil seie å strø jord eller grus på snøen om våren for at han skal smelte raskare. Dette vert òg kalla aure, mele, volde eller mylde.
Kjelder
Norsk historisk leksikon 2. utgåve, 3. opplag (2004)
Kategori:Jakt Kategori:Fangst Kategori:Fiske