mini|Hubble-bilete av AM 0702-601. Galaksen til venstre viser teikn til vekselverknad i form av forlenga spiralarmar. AM 0702-601 eller ESO 119-27 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 400 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Kjølen. Galaksane er i eit svært tidleg stadium av vekselverknad og har sannsynlegvis berre nett starta å vekselverka. Dei første teikna på vekselverknad er synlege i den eine galaksen der den ytre strukturen til spiralarmane har starta å utvida seg og strekker seg som ein tidevasshale av materie ut i rommet.
Kjelder
Denne artikkelen i sin heilskap baserer seg på pressemelding STScI-2008-16 frå Space Telescope Science Institute.
Kategori:Vekselverkande galaksar Kategori:Kjølen