mini|Påskelilje.
Påska (gjennom gresk Πάσχα og arameisk פַּסְחָא [pasḥā] frå hebraisk פֶּסַח [pesaḥ], ‘passering’) er den viktigaste av dei kristne høgtidene, og blir markert til minne om Jesu Kristi død og oppstode. I forkant av påska kjem fastetida og den stille veka, og etter påskesundag kjem påsketida, som varar fram til pinse. I tillegg til den kristne tydinga har høgtida òg innslag frå jødisk pesah, som lammemiddag; frå heidensk tru, som påskeegg; og frå hovudsakleg verdsleg kultur, som påskekrim og påsketur i fjellet.
Gulfargen er knytt til påska, kanskje sidan det er fargen til sola, kyllingar og eggeplomma. Dei gule påskeliljene blomstrar vanlegvis ved påsketider, og er blitt eit anna symbol på påska.
Ordsoge Ordet «påske» er ei forvansking av namnet på den jødiske høgtida pesah. Utanom Skandinavia blir namn avleidde av det hebraiske namnet bruka på nederlandsk og på dei fleste romanske språka. På tysk og engelsk brukar ein oftast det førkristne namnet «Ostern» (tysk) eller «Easter» (engelsk).
Kristen påskefeiring mini|Jesus på krossen. Måleri av Diego Velázquez (1599-1660). Stilleveka
Opptakta til feiringa av påske byrjar med palmesundag, og held fram med stilleveka der ein markerer skjærtorsdag og langfredag. Desse dagane er til minne om Kristi liding og markeringa ber i dei fleste kyrkjer framleis preg av den enkle liturgien frå fastetida. I Den katolske kyrkja blir statuar og bilete dekte til, og det blir ikkje ringt med kyrkjeklokkene. Det er òg særs lite dekorasjonar i kyrkjene mellom skjærtorsdag og påskeaftan.
Skjærtorsdag Skjærtorsdagen er heilagdag i Noreg og Danmark, men er arbeidsdag i dei fleste andre landa. Dagen vert feira til minne om det siste måltidet til Jesus og læresveinane, og dette vert markert med gudstenester med nattverd. Nokre held òg fotvasking til minne om fotvaskinga som har gjeve dagen namn.
Langfredag Langfredagen er av dei stillaste dagane i året, og det set òg eit preg på gudstenesta. Alterlysa vert ikkje tent, pynten er ofte borte frå alteret, musikken er avdempa. I gudstenesta vert Jesu liingshistorie lesen, ei lang og dramatisk forteljing.
Mange stader har folk krossvandringar der dei minnest Jesu vandring til Golgata, samtidig som dei bed for dagsaktuelle emne. Men i luthersk tradisjon er all langfredagsmarkering avdempa - noko som står i sterk motsetning til den meir dramatiske langfredagsmarkeringa i sørlege, katolske stròk.
Påskeaftan
Påskeaftan er laurdagen før påskedag. Tradisjonelt er det ein dag der ein ikkje har liturgiske handlingar; i både katolsk og ortodoks tradisjon er denne dagen føreskriven som ein dag utan liturgi. Ein seier gjerne at påskeaftan er den dagen då kyrkja står samla i sorg ved Kristus si grav.
Påskevaka
Påskevaka, eller påskevigilia, er starten på sjølve påskefeiringa. Ho blir gjerne feira som ein påskenattsmesse kring midnatt på påskeaftan, eller tidlegast etter solefall. Ein bruker i den kyrkjelege tradisjonen ofte den gamle definisjonen på eit døger som ein finn i jødisk liturgi, nemleg frå solefall til solefall. Det vil seie at det uansett er på sundagen ein byrjar feiringa, uavhengig av det verdslege døgeret sin gang.
I vestleg tradisjon er det tradisjon for at liturgien byrjar med tenning av påskelyset, som er eit symbol på Kristus; han kalla seg «Verda sitt lys». Liturgien står i kontrast til den som har vore dei føregåande dagane; kyrkjene er no pynta, prestane har gjerne på seg dei flottaste messekleda og korsongen er lovsong i staden for dei meir neddempa salmane som blir bruka i fasta og den stille veka. Det er òg tradisjon for å lese Påskelovsongen, ein høgtideleg proklamasjon av påskeunderet.
I den protestantiske kyrkja feirar dei oftast ikkje påskevigilie, men i dei seinare åra er det òg i desse kyrkjelydane vorte stadig meir vanleg med ei gudsteneste påskenatt.
Påskedag mini|venstre|Kristi oppstode. (Russisk ikon frå 1500-talet.) På påskedagen held feiringa av Kristi oppstode fram på morgonen og denne dagen innleier i tradisjonelt ein oktav, det vil seie ein åttedagarsperiode der alle dagar liturgisk sett blir rekna som festdagar på lik line med sundagar.
Påskedagen er halden som den fremste høgtidsdagen i den kristne kyrkja. I mange land held dei òg andre påskedag som heilagdag. Tredje påskedag var heilagdag i Danmark og Noreg fram til 1771, og heldt som «halvhelg» lang tid etter dette.
Påsketida
Påsketida varar fram til pinse.
Verdsleg påskefeiring
Heidenske røter mini|Sorbiske påskeegg. Den kristne påskefeiringa fell saman med ein gammal heidensk tradisjon om å feira vårjamndøgeret og eit nytt jordbruksår. For å sikra grøde hadde ein mange skikkar der ein brukte symbol for livskraft. Ein brukte mellom anna egg, til dømes til å grava ned i jorda eller som gåver mellom ungdom. Desse er blitt til vår tids dekorerte eller godterifylde påskeegg
I Tyskland blei egga forbunde med påskeharen; det vart sagt at han ein gong om året kunne leggja egg, og det var i påska.
Nye klede Nye klede er eit symbol på fornying, noko påska er på mange plan. I engelsktalande land finst ein langvarig tradisjon for å få nye klede til påske. Shakespeare nemner han i Romeo og JulieMercutio erter Benvolio: "Did'st thou not fall out with a Tailor for wearing his new Doublet before Easter?» Å ta på nye klede til påske var rekna som lukkebringande. Etterkvart gjekk skikken over til å gjelda ein hatt som blei kjøpt eller pynta til påske. Denne skikken er omtalt i songen «Easter parade» av Irving Berlin.In your Easter bonnet with all the frills upon it, You'll be the grandest lady in the Easter parade. (Irving Berlin, «Easter Parade», 1933. Skikken er etterkvart gått ut av bruk, slik at berre særs gamle og særs unge bruker ny påskehatt, eller Easter bonnet."Where's the Easter wear? Forget the Easter eggs, try to find a bonnet" , Boston Herald, April 16, 2006. I staden er det vanleg for ungar i barnehagar og småskular å pynta spesielle hattar med påskepynt.
Nyare tradisjonar
Fjelltur I Noreg er det ganske vanleg å nytta påskeferien til å dra på fjellet for å nyta snøen og sola. Dette kan ha samanheng med ein tradisjon om å sjå på sola frå ein fjelltopp påskemorgon. Ein meinte nemleg at sola dansa på denne dagen, i glede over at Jesus var stått opp igjen. Denne skikken kan òg ha både jødiske og heidenske røter:
I jødedommen er pesah frå Toráen av forbunde med ofringa av påskelammet på Tempelhøgda. Denne ofringa skjer ikkje i våre dagar sidan Tempelet i Jerusalem ikkje står og er i det meste av jødedommen erstatta med lesinga av påskeforteljinga under påskemåltidet. Samaritanarane feirar framleis pesah med ofring av påskelam på Gerizím-fjellet.
Dei moglege røtene i åsatrua heng saman med at sola på denne tida av våren varmar meir enn om vinteren. Sjølv om vi ikkje veit heilt sikkert om det var nokon slik skikk, så er ein fjelltur for å sjå sola stå opp ein rimeleg konsekvens av dette. Ein skikk som er meir direkte knytt til soldyrking og ein tidlegare offerkult, er den gamle norske skikken å smørje smør på ein stein og sjå at sola «et» smøret.
Påskekrim Eit anna moderne påskefenomen er påskekrimmen, det vil seia ein tradisjon for å lesa kriminalromanar eller senda ein kriminalserie på fjernsynet i påskeveka.
Samisk påske For reindriftsamane fell påska og starten på reinsdyrtrekket til kysten saman, og høgtida er derfor blitt til ei sosial samlingstid der ein gjerne legg giftarmål, selskap og konkurransar.
Når er det påske? Dei første kristne feira påska slik ho vart tidfesta etter den jødiske kalenderen. Etter denne kalenderen kunne påskedagen falle på ein kvar vekedag, slik at dei kunne komme til å feire Jesu oppstode på ein fredag. Rundt år 160 e.Kr. byrja difor dei kristne i Roma å feire påskedagen første søndagen etter den jødiske påskeaftan. Men praksisen var ulik inntil kyrkjemøtet i Nikea i 325 fastsette at påskedagen heller skulle feirast første søndagen etter første fullmåne etter vårjamndøgn (her: 21. mars).
I dei vestlege kyrkjene kan påskedagen tidlegast falle på 22. mars, seinast 25. april. Mange austlege ortodokse kyrkjer reknar etter den julianske kalenderen, slik at påska der fell på ein annan dato. + År Vestlegekirker Austlege kyrkjer Gregorianskdato Julianskdato 2000 23. april 30. april 17. april 2001 15. april 2. april 2002 31. mars 5. mai 22. april 2003 20. april 27. april 14. april 2004 11. april 29. mars 2005 27. mars 1. mai 18. april 2006 16. april 23. april 10. april 2007 8. april 26. mars 2008 23. mars 27. april 14. april 2009 12. april 19. april 6. april 2010 4. april 22. mars 2011 24. april 11. april 2012 8. april 15. april 2. april 2013 31. mars 5. mai 22. april 2014 20. april 7. april 2015 5. april 12. april 30. mars 2016 27. mars 1. mai 18. april 2017 16. april 3. april 2018 1. april 8. april 26. mars 2019 21. april 28. april 15. april 2020 12. april 19. april 6. april 2021 4. april 2. mai 19. april 2022 17. april 24. april 11. april 2023 9. april 16. april 3. april 2024 31. mars 5. mai 22. april 2025 20. april 7. april 2026 5. april 12. april 30. mars 2027 28. mars 2. mai 19. april 2028 16. april 3. april 2029 1. april 8. april 26. mars 2030 21. april 28. april 15. april 2031 13. april 31. mars 2032 28. mars 2. mai 19. april 2033 17. april 24. april 11. april 2034 9. april 27. mars 2035 25. mars 29. april 16. april 2036 13. april 20. april 7. april 2037 5. april 23. mars 2038 25. april 12. april 2039 10. april 17. april 4. april 2040 1. april 6. mai 23. april 2041 21. april 8. april 2042 6. april 13. april 31. mars 2043 29. mars 3. mai 20. april 2044 17. april 24. april 11. april 2045 9. april 27. mars 2046 25. mars 29. april 16. april 2047 14. april 21. april 8. april 2048 5. april 23. mars 2049 18. april 25. april 12. april 2050 10. april 17. april 4. april
Kjelder
Bakgrunnsstoff Norsk folkeminnesamling: Merkedager: Påske
Kategori:Kristne høgtider Kategori:Vårfestar