Arne Martin Aas () var ein norsk skodespelar og regissør som var kjend både frå teater, film og TV. Han var fødd i Oslo.
Teater Frå 1970 til 1973 var Aas teatersjef ved Trøndelag Teater, der han òg hadde sin debut i 1957 i August Strindberg sin Erik XIV. Han hadde òg regioppdrag ved teateret og var tilsett der frå 1963. På Trøndelag Teater spelte han i stykke som Se deg om i vrede, Helligtrekongersaften og tittelrollen i Brand. Han har òg vore tilknytt Fjernsynsteatret (1966-70 og 1973-75) der han mellom anna vart landskjend i rolla som Hans Nilsen Fennefoss i serien Skipper Worse. I mange år var Aas òg tilknytt Oslo Nye Teater, og i tillegg til ei rekkje komediar gjorde han seg særleg merka der i stykket Dagen vender.
Frå 1978 til 1983 var han instruktør for Olsokspelet på Stiklestad. For innsatsen sin her mottok han Stiklestad-prisen i 1980.
Dei siste årene før han døydde hadde han fleire gjesteopptrede ved Nordland Teater.
Film og TV Aas hadde sin filmdebut 1964 i Alle tiders kupp, og hadde ei rekkje roller i norske filmar både på 1960- og 1970-talet. Av dei mest nemneverdige filmane er Smuglere (1968), Skulle det dukke opp flere lik er det bare å ringe (1970) og Rallarblod (1979), i tillegg til fleire filmar i serien om Olsenbanden.
I tillegg har Aas hatt fleire opptrede på fjernsyn, mellom anna i miniserien Skipper Worse i 1968, og ved fleire høve saman med Rolv Wesenlund i serien om Fleksnes. Frå Fleksnes-serien vert han kanskje best hugsa frå rolla som svirbroren «Rødhette» i episoden Rotbløyte frå 1981, og som hysterisk lege i episoden Det går alltid et tog frå 1974. Arne Aas hadde den siste rolla på TV i kortfilmen Operasjon Popcorn i 1998.
Filmografi 1979 Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder (Brock-Larsen, finansmann) 1979 Kronprinsen (Redaktør) 1979 Rallarblod (Ingeniøren) 1978 Olsenbanden + Data Harry sprenger verdensbanken (Larsen, sjåførlærer) 1976 Oss (Finansminister) 1975 Min Marion (Leonid) 1974 Under en steinhimmel (Legen) 1974 Bobbys krig (Direktøren) 1973 Kanarifuglen (Arne, arbeidskamerat) 1971 3 (Sjefen) 1970 Exit (òg kjend under den danske tittelen Forbryderisk elskov) 1970 Skulle det dukke opp flere lik er det bare å ringe (Robert Westerlie) 1969 Himmel og helvete (Orheim, psykolog og talsmann for fri dop) 1968 Bare et liv - historien om Fridtjof Nansen (Philip Noel-Baker) 1968 Smuglere (Hugo) 1967 Musikanter (Ludvig, dikter) 1965 Vaktpostene (Arild, soldat) 1965 To på topp (Overstyrmann) 1964 Pappa tar gull (Wollert, profeten) 1964 Alle tiders kupp (Thorsen, Mettes venn)
TV-roller 1998 Operasjon popcorn (kortfilm vist på TV) 1993 Morsarvet (Kommissarien) (TV-serie/mini-serie) 1992 Dødelig kjemi (Kristoffer) (TV-serie/mini-serie) 1988 Fleksnes - Her har jeg mitt liv (hysterisk lege ved Perleporten) (TV-serie) 1982 Fleksnes - Rotbløyte (Rødhette, svirebror fra marinen) (TV-serie) 1974 Fleksnes - Det går alltid et tog (hysterisk lege i togkupe) (TV-serie) 1970 Kjemp for alt hva du har kjært (Fjernsynsteater) 1968 Det lykkelige valg (Fjernsynsteater) 1968 Lille Eyolf (Engineer Borgheim) (Fjernsynsteater) 1968 Skipper Worse (Hans Nilsen Fennefos) (TV-serie/mini-serie og Fjernsynsteater)
Bakgrunnsstoff Arne Aas er død (Nettavisen, 2000)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Arne Aas» frå , den 21. oktober 2008.
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske regissørar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske teatersjefar