Malyj Kirzjatsj (russisk Малый Киржач) er ei elv i Vladimir oblast i Russland og ei av kjeldeelvane til Kirzjatsj frå høgre.
Ho spring ut frå eit myrområde nær landsbyen Berendejevo. Elva renn hovudsakleg frå nord til sør og har ei lengd på om lag 70 km. På det breiaste er elva 15 meter.
Ved landsbyen Ivansjevo renn Malyj Kirzjatsj (Vesle Kirzjatsj) saman med Bolsjoj Kirzjatsj (Store Kirzjatsj) og dannar elva Kirzjatsj.
Den største sideelva hennar er Malenkajaelva (Vesleelva) som har ei lengd på om lag 10 km.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Малый Киржач» frå , den 22. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Vladimir oblast